Har påvist smitte av laksesjukdom

Illustrasjonsbilde.

Illustrasjonsbilde. Foto:

Ein lokalitet med påvist ILA skal slakta ut eller destruera laksen, reingjera og desinfisera anlegget før det må leggjast brakk i minimum tre månadar, ifølgje spesialinspektør.

DEL


Kvinnheringen skreiv sist veke at Alsaker Fjordbruk måtte slakta ut laks i store mengder, på sjølokaliteten sin på Seglberget, etter mistanke om sjukdom.

Det var FoMAS og Fish Vet Group Norge AS som varsla Mattilsynet om funn som gav mistanke om infeksiøs lakseanemi (ILA) på fisk ved lokaliteten. Den 4. juni tok Mattilsynet ut prøvar av fisken for ei eventuell verifisering.

Det er på bakgrunn av inspeksjon av fisken, obduksjonsfunn og analyseresultat frå Veterinærinstituttet, at Mattilsynet torsdag kunne stadfesta diagnosen i ei pressemelding.

For å avgrensa smittespreiing er lokaliteten pålagt restriksjonar, blant anna med forbod mot flytting av fisk utan særskilt løyve.

Store konsekvensar

Ifølgje Mattilsynet vil det innan kort tid opprettast eit kontrollområde for å førebyggja, avgrensa og overvinna sjukdommen.

– Eit kontrollområde består av ei bekjempelsessone og ei overvakingssone og vil medføra restriksjonar blant anna på trafikk i havområdet omkring lokaliteten. Lokale tilpassingar ut frå tal lokalitetar i område, avstandsforhold og straumforhold vil mellom anna leggjast til grunn for kontrollområde si utbreiing, fortel tilsynet

Dei legg til at kontrollområdet må forventast å ha ein utstrekning på om lag 10 til 20 km frå lokalitetar med ILA.

Spesialinspektør Cecilie Ihle ved Mattilsynet region Sør og Vest, avdeling Sunnhordland og Haugalandet, opplyste til kyst.no då sjukdommen framleis berre var ein mistanke, at situasjonen var bekymringsverdig, då det dreidde seg om eit svært oppdrettstett område.

– Det er åtte anlegg som ligg i ein 10-kilometers radius frå Seglberget, og det er sjølvsagt svært bekymringsfullt dersom ILA-mistanken blir eit påvist tilfelle. Lokalitetar med påvist ILA skal slakta ut eller destruera laksen, reingjera og desinfisera anlegget før det må leggjast brakk i minimum tre månadar, forklarte ho den gong.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken