Har takka ja til å vera sokneprest i Uskedalen

Uskedalen kyrkje. (Arkivfoto).

Uskedalen kyrkje. (Arkivfoto). Foto:

Carsten Mrusek har takka ja til å vera sokneprest i Uskedalen. Saman med familien bur han i Jondal og fungerer som sokneprest i Utne, Skare og Røldal, skriv Uskedalen.no.

DEL

Mrusek kjem frå Bremen-området i Tyskland, er utdanna og har vore prest i Den katolske kyrkja. Han fann kjærleiken i Norge, flytta hit, konverterte, tok utdanning og vart prest i Den norske kyrkja.

Carsten Mrusek ( f. 1970 ) gler seg til å koma til Uskedalen og Kvinnherad, skriv Uskedalen.no. Kona kjem frå Fitjar og saman har dei to døtre, på 5 og 7 år. Dei vil inntil vidare halda fram å bu i Jondal.

Carsten hadde i si tid praksis på Stord før han gjorde presteteneste i Nordfjord ( Måløy og Nordfjordeid ). Så gjekk turen til Jondal og Hardanger og Voss prosti.

Mrusek har ei solid utdanning og praksis. Han studerte først jus og seinare teologi før han vart katolsk prest. Ved overgangen til Norge måtte han ta fag på Unviersitetet i Tromsø før han tok utdanning på Misjonshøgskulen i Stavanger. Han vart ordinert av biskop Halvor Nordhaug i 2012.

Carsten Mrusek tek til i stillinga i september. Innsetjingsgudstenesta kan koma til å bli sundag 20. september i Uskedal kyrkje.

Prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen, hadde gudstenesta i Uskedalen sist sundag. Der vart det orientert om tilsetjinga. Formelt sett er det eit vikariat, men truleg vert det ein fast stilling.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken