Gå til sidens hovedinnhold

Har testa 80 personar søndag

Førebels ikkje fleire smittetilfelle utover dei tre på fredag.

I ei oppdatering på Facebook-sida til kommunen står det at beredskapsgruppa har hatt møte både laurdag og søndag ettermiddag.

– Kommuneoverlegen orienterer om at det søndag er testa om lag 80 personar. Det er fram til no ikkje registrert nye smitta i Kvinnherad sidan dei tre på fredag. Beredskapsgruppa følgjer situasjonen tett, og oppmodar folk om å halda fokus på smittevern oppe: Halda avstand til andre og unngå sosial omgang, står det å lesa.

Les også

Tre nye smittetilfelle i dag, fredag – treningssenter, symjehallar og dei fleste kultur- og fritidstilbod må stengja

Kommentarer til denne saken