Harding med ny storordre

Dei nye livbåtane skal leverast til Sleipnir.

Dei nye livbåtane skal leverast til Sleipnir. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Harding har inngått kontrakt med Heerema Offshore Services BV for levering av ni FF1200 fritt fall livbåtsystem med tilhøyrande davitar.

DEL

Livbåtane skal leverast til Heerema Offshore Services BV sitt halvt nedsenkbare kranfartøy «Sleipnir», som skal byggjast ved Sembcorp Marine sitt hovudverft i Singapore. Davitane skal byggjast ved Harding sine fabrikkar utanlands, og vera ferdige i 2017. Livbåtane skal byggjast i Ølve og vera ferdige i 2018.

Heerema Sleipnir er eit av mange store offshoreprosjekt Harding for tida har, saman med mellom anna Johan Sverdrup.

I ei pressemelding seier regional salsansvarleg Oddgeir Mælen i Harding at alle snakkar om Sverdrup, men at dette prosjektet er like stort.

Mælen forklarar vidare at Heerema-kontraktane utgjer ei spesiell type utfordring.

– Det nye kranfartøyet vil operera på verdsbasis, så ei rekkje relevante internasjonale standardarar måtte vurderast ved val livredningsutstyr.

Mælen meiner det ikkje er tilfeldig at det er Harding som er valt som leverandør til Heerema.

– Vi er av den klare formeininga at Harding sine livbåtar er dei beste i bransjen, båtane er valt for dei mest krevjande prosjekta, seier han.

Salssjefen påpeikar at Harding no har levert livbåtar til alle skipa som var nominert til «Ship of the Year» i 2015, inkludert vinnaren, «Skandi Afrika».

– Det er mykje hardt arbeid som ligg bak å vinna ein slik kontrakt, seier Mælen.

Han fortel at Harding har sete mange timar i møte med Heerema sidan byrjinga av prosjektet.

– Vi lytta til deira utfordringar og kom tilbake med dei beste svara. Vi brukte folka våre i Singapore, kontoret i Nederland, og ekspertar frå heile verda til å setja saman eit best mogleg tilbod, seier Mælen.

Administrerande direktør i Harding, Styrk Bekkenes, seier i pressemeldinga at dei Harding-tilsette er svært stolte over å vinna ein slik kontrakt i dagens strame marknad.

Viktig

Marknadssjef i Harding, Bjørn Sturle Hillestad seier at dette er ein av fleire viktige kontraktar for verksemda. Den er òg med å sikra sysselsettinga i Ølve. Der er det i dag permitteringar, men aktiviteten vil ta seg opp igjen med bygginga både til Heerema og Sverdrup.

Oppstarten på prosjektet vil vera inneverande år, og dette er med på å sikra høg aktivitet ved fabrikken vår i Ølve, Ordren er svært kjærkomen og ei fjør i hatten til heile organisasjonen, avsluttar Hillestad.