Gå til sidens hovedinnhold

Då var Harding-kontrakten underskriven

Artikkelen er over 5 år gammel

I føremiddag signerte Administrerande direktør i Palfinger, Herbert Ortner, papira som gjer at Palfinger er blitt eigar av Harding Safety AS.

Herbert Ortner fortel til Kvinnheringen at det er med stor glede at selskapet i dag har signert papira som gjer at dei har kjøpt Harding AS frå Herkules.

Han var sjølv på Seismfoss i dag og informerte dei tilsette i Harding om kjøpet.

– Før kjøpet blir endeleg gjennomført må det gjennom hos konkurransetilsynet, noko Ortner berre ser på som ein formalitet. 

Det var to smilande karar, Ortner og administrerande direktør Styrk Bekkens som tok imot oss på Seimsfoss. Med kake og eit glas musserande kan dei no feira at Harding er komne på nye hender.

– Vi har sikra oss nummer ein når det gjeld maritim livredning, dette er eit selskap som passar oss perfekt, seier Ortner, etter det som er det største oppkjøpet til Palfinger nokosinne. Pris ønskjer sjølvsagt ingen av dei å nemna på det noverande tidspunkt.

Optimist

Ortner snakkar som ein foss når vi møter han. Han fortel om eit internasjonalt selskap som heile tida arbeider for å bli verdsleiande med det dei held på med. Palfinger er av dei største i verda på lastebilkranar, men arbeider kontinuerleg med å få fleire bein å stå på.

Dei har ein marine del, som ikkje har vore veldig stor, men som dei byggjer opp.

– Vi kan tilby store totalpakkar med alt frå livbåtar, davitar, kranar, livredningsutstyr og service. Det gjer oss komplett, og er svært viktig i den globale marknaden, fortel Ortner.

Selskapet har gjort fleire små oppkjøp i Norge tidlegare, og har frå før ein marine-del på vel 100 tilsette i Norge.

Palfinger har vore på leit etter ein partnar eller selskap å kjøpa opp, og å sjå mot Harding var i så måte naturleg.

– Dei er nummer innafor sitt marknad, og det var difor naturleg å kontakta Bekkenes og Herkules. Vi ser på det om ein perfekt match, og skal no vera kreative i integrasjonsarbeidet vidare, forklarar Ort-ner.

Han fortel at dei må venta nokre månader før dei kan seia meir om korleis dei ser for seg strukturen i selskapet. Først må kjøpet bli godkjend av konkurransetilsynet, og deretter må ein arbeida med å samkøyra dei ulike selskapa for ei felles god framtid.

Direktøren frå Austerrike skryt over både leiing og tilsette i Harding, og fortel at dei er av avgjerande betydning for ein framtidig suksess.

– Eg er svært imponert over jobben Bekkenes og dei tilsette i Harding har gjort, og det blir ei stor glede å få dei med på laget vårt.

Salzburg

Palfinger har sitt hovudkvarter i Salzburg i Austerrike og der har dei og hovudkontor for den marinedelen. Samstundes påpeikar direktøren kor viktig det er å ha kontor over heile verda, som Harding blir ein del av.

Bekkenes og Ortner seier det ikkje kom mange spørsmål då dei kom med informasjon på allmøte. Men signala så langt er positive frå dei tilsette.

– Eg er i alle fall 100 prosent trygg på at vi har gjort det rette, slår Herbert Ortner fast.

– Det er så absolutt ein god dag og Harding går eit trygg framtid i møte med dei nye eigarane, sluttar Bekkenes.

AVTALE: Hebert Ortner og Styrk Bekkenes gratulerer kvarandre med dagen.

Kommentarer til denne saken