Møt kjempene i skogen

KJEMPENE I SKOGEN: Langfredag inviterer kulturnemnda i Ølve Bygdelag til vandrande omvising med Kristoffer Nerhus (foto: Eva Røyrane). 

KJEMPENE I SKOGEN: Langfredag inviterer kulturnemnda i Ølve Bygdelag til vandrande omvising med Kristoffer Nerhus (foto: Eva Røyrane). 

Langfredag inviterer kulturnemnda i Ølve Bygdelag til tur til eldgamle tre på Hjortås og Ask.

DEL

Kristoffer Nerhus i Hardanger Hagehjelp har hatt i oppdrag å registrera utvalde naturtypar for Fylkesmannen i kulturlandskap, parkanlegg og hagar.

– Eg har registrert rundt 150 eiker på Hatlestrand som har ein omkrins på over to meter eller er hole med ein omkrins på meir enn 90 centimeter, fortel Nerhus.

Han fortel at mange nøkkelartar, som sopp og mikroorganismar, er avhengige av dei gamle eikene. Og dersom nøkkelartane forsvinn, vil også andre artar forsvinna. Desse gamle eikene er også kulturhistoriske minne frå tida med trebåtbyggjing i bygdene. Kvifor nettopp dei hole eikene vart brukte til dette, kan du få vita på fredag. Nerhus skal vera omvisar på turen som går til nokre av dei aller største eikene han har registrert. Han vil fortelja om både arbeidet og om trea.

– Grunnen til at eg vil visa desse kjempetrea er at iallfall to av dei står godt gøymde inne i skogen. Fyrste gong eg såg dei var dei overveldande, og eg har lyst å dela dette med andre, inviterer Nerhus.

Turen tar to-tre timar og passar godt for heile familien.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags