Det er fleire av medlemene i kontrollutvalet som har kome med innspel om at dei ønskjer ei orientering om ulike forhold rundt saka.

– Kontrollutvalsmedlemene er uroa over det som er kome fram i media om arbeidet med å leggja nytt tak på skulen, skriv sekretær for kontrollutvalet, Kari Nygård, i ein e-post til rådmannen.

Det var i samband med legging av nytt tak på skulen det oppstod store vasslekkasjar, og påførde skulebygget skadar inne i bygget. På grunn av dette måtte skulestarten utsetjast med ein dag.

Kontrollutvalet vil ha svar på kor omfattande skadar bygget er påførd i samband med lekkasjen. Utvalet vil òg ha svar på korleis dette arbeidet vart planlagd, og korleis tenestene for gjennomføring av arbeidet vart kjøpt inn. Vidare ønskjer kontrollutvalsmedlemene svar på kor store ekstrakostnadar byggjeprosjektet er påførd grunna vasslekkasjen, og kven som skal betala desse.

– For å få meir kjennskap til kva som har skjedd med dette byggjeprosjektet i kommunen, ber kontrollutvalet om at det vert gitt ei orientering om saka i det neste møtet, skriv Nygård i e-posten.

Ho ber om at rådmannen peikar ut den som kan gje ei slik orientering om saka.

Kontrollutvalet har det neste møte på Husnes den 21. september.