Sjå julenissen sine små og store hjelparar i aksjon

12. desember 2018, kl. 20:01

Både lærarar og elevar ved Hatlestrand skule engasjerer seg stort på den årvisse juleverkstaden. Mange aktivitetar gir mange julegåver. – Den årlege juleverkstaden er svært positiv for heile skulen. Her jobbar store og små elevar saman på dei ulike arbeidsstasjonane. Denne aldersblandinga har berre gode effektar, seier Edvard Jarle Tveit, verksemdleiar ved Hatlestrand skule.