Urheim tar over som rektor på Hatlestrand skule

Lilli Britt Urheim tiltrer i stillinga som rektor på Hatlestrand skule 1. august. (Arkivfoto).

Lilli Britt Urheim tiltrer i stillinga som rektor på Hatlestrand skule 1. august. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lilli Britt Urheim frå Ølve er for tida rektor på Husnes ungdomsskule, ein jobb ho har hatt sidan 2017. Etter sommarferien blir ho rektor for Hatlestrand barne- og ungdomsskule, som er ein del av Nordsida oppvekstområde. Oppvekstområdet omfattar også Hatlestrand barnehage, Varaldsøy barnehage og Ølve barnehage.

– Eg får ikkje lange vegen til jobb no, men det å pendla er ein vane, så det var ikkje difor eg søkte. Å pendla er mentalhygiene, og ein får sortert ut mykje på ein lang biltur. Det var ein lang prosess å bestemma seg for å søkja, for eg stortrivst verkeleg i jobben på Husnes ungdomsskule med utruleg dyktige kollegaer. Eg meiner det er få jobbar i Kvinnherad kommune som er så spennande som den! Samtidig så får ein ved Nordsida oppvekstområde ansvar for borna frå barnehagen og ut ungdomsskulen, og då i eit nokså lite miljø. Det gjer ein slik jobb ganske unik og er ei stor oppgåve som eg gler meg til å ta fatt på saman med dei gode folka der, seier Urheim om nye-jobben.

Stillinga på Husnes ungdomsskule er no lyst ut, med søknadsfrist 15. mars.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken