Europameistrar på Hatlestrand i romjula

TRENER PÅ HATLESTRAND: Frå venstre: Christian Sørum, trenar Jetmund Berntsen, Hendrik Mol og Anders Mol nytta romjula i den nye sandhallen til Strand-Ulv.

TRENER PÅ HATLESTRAND: Frå venstre: Christian Sørum, trenar Jetmund Berntsen, Hendrik Mol og Anders Mol nytta romjula i den nye sandhallen til Strand-Ulv.

Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum ligg ikkje på latsida etter sigersåret 2018. Romjula nytta dei til trening i den nye sandvolleyballhallen på Hatlestrand.

DEL

Då dugnadsgjengen på Hatlestrand fekk nyss om at landslagsstjernene kanskje ville nytta den nye innandørs sandhallen til Strand-Ulv i romjula, sette dei inn eit ekstra gir for å få banen ferdig. Og ferdig vart den.

– Vi har trent i hallen fleire gonger allereie, fortalde volleyballstjerna Anders Mol (21) frå Strandvik i Fusa, då Kvinnheringen torsdag kikka innom den nye sandvolleyballbanen på Hatlestrand.

Saman med makker Christian Sørum (23) nytta dei romjula til trening. Med base i Strandvik er dei berre tre kvarter unna den nye hallen på Hatlestrand, noko som gjer at juleferien kan forlengast. 2018 var det store gjennombrotsåret for sandvolleyballduoen, som i år vann både EM-gull og verdsseriefinalen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags