Har sett seg leie: Aksjonerer for tryggare skuleveg

Tysdag ettermiddag vert det folkeaksjon for trafikktryggleik ved Gjermundshamn ferjekai. – Vi vil ha trygg skuleveg for borna, seier Annike Nistad i Trafikksikringsgruppa på Hatlestrand. (Arkivfoto).

Tysdag ettermiddag vert det folkeaksjon for trafikktryggleik ved Gjermundshamn ferjekai. – Vi vil ha trygg skuleveg for borna, seier Annike Nistad i Trafikksikringsgruppa på Hatlestrand. (Arkivfoto).

Av

Trafikksikringsgruppa på Hatlestrand ynskjer at noko blir gjort for å betra tryggleiken. Tysdag blir det aksjon.

DEL

– Vi vil ha trygg skuleveg for borna som skal til og frå Hatlestrand skule. Vi har blitt lova dette i mange år, og no vil vi at noko blir gjort, seier Annike Nistad i trafikksikringsgruppa.

Gruppa lagar til aksjon tysdag neste veke for å setja fokus på tryggleiken. Nistad fortel at borna frå Varaldsøy ikkje har nokon trygg stad å kryssa over til fortauet når dei kjem med ferja. Fortauet startar etter venterommet, men mellom ferja og venterommet er det ingen overgang. Også dei borna som skal til skulen frå den andre kanten av bygda manglar ein trygg stad å kryssa over til skulen. Det manglar fortau og det manglar fotgjengarfelt, og her er det stor trafikk av bilar som skal til ferja. Trafikksikringsgruppa opplever at fartsputene har liten effekt på farten til bilane, som uansett køyrer på når dei ser ferja, enten dei har dårleg tid eller ikkje.

– Problemet er at bilane gassar på både før og etter desse fartsputene. Det er utruleg skummelt, seier Nistad.

Kasteballar

Nistad fortel at Trafikksikringsgruppa på Hatlestrand ynskjer å få erstatta dei eksisterande fartsputene med fleire fartshumpar, for at farten blir halde nede. Hatlestrand skule er også staden der dei fleste fritidsaktivitetane føregår, så utfordringa med barn og unge i ferjetrafikken er minst like stor etter skuletida. Framleis ventar ein på gang- og sykkelvegen skal bli ferdig.

– Vi aksjonerer no for å få ein trygg skuleveg, og vi håpar at så mange som mogeleg av bygdefolket blir med på tysdag. Vi har blitt lova tiltak i mange år, men det tar tid, og vi føler oss som kasteballar i systemet. Vi ynskjer å visa Kvinnherad kommune og Statens vegvesen at vi må få fortgang i arbeidet, seier Nistad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags