Hatlestrand skule vart landsvinnar

Glade vinnarar på Hatlestrand skule (Pressefoto)

Glade vinnarar på Hatlestrand skule (Pressefoto)

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Hatlestrand oppvekstsenter i Hordaland har vunne det som vart kalla «Témoignage-prisen 2017»

I ei pressemelding heiter det at Leger Uten Grenser gratulerer Ingeborg Eide, Malin Nerhus og Madelen Hauge i 10.klasse på Hatlestrand oppvekstsenter med hovudprisen i Leger Uten Grensers «Et grenseløst skoleprosjekt-konkurranse 2017.»

– Dei hadde valt å synleggjera den gløymte krisen om at titusen av kvinner døyr kvart år av utrygg abort. Vinnarbidraget vart valt ut av ei jury som bestod av redaktør i Natt og Dag Daniel Ramberg, redaktør i Radio Nova Eline Hystad og humanitærrådgivar og feltarbeid i Leger Uten Grenser Trygve Thorson.

Føremålet med skuleprosjektet er å visa ein eller fleire av Leger Uten Grensers årets «glemte kriser og fremskritt», som vanlegvis ikkje får mykje merksemd i norske mediar. Elevane utfører aksjonar, held arrangement, lager sosiale-medium kampanjar og fleire skriv også kronikkar som blir trykt i aviser, står det i pressemeldinga.

Grunngjeving:

Hatlestrand vant hovudprisen, årets Témoignage-pris 2017. Her er grunngjevinga for at dei vart vinnarar:

«Det er tydelig at hele Hatlestrand oppvekstsenter har jobbet grundig med de glemte krisene. Vinnergruppa har vært veldig kreative i å formidle krisen rundt utrygg abort og det er helt tydelig at de har engasjert seg i saken. De var også initiativtakere til utstillingen skolen arrangerte i forbindelse med prosjektet. Dette har resultert i oppslag i lokalavisen og et kjempegodt oppmøte på utstillingen fra lokalmiljøet. Vi er veldig imponert over hva skolen og vinnergruppa har fått til i prosjektperioden sin»

På andreplass kom Killingrud ungdomsskule i Buskerud og på tredje-plass Høknes skole i Nord-Trøndelag. Totalt 70 skular deltok.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags