Vel 250 personar er i helga samla i Haugesund, på landsmøtet for lokalavisene. Fredag kveld vart fotoprisen, journalistprisen og marknadsprisen delt ut, og Kvinnheringen stakk av med to av prisane. Journalistprisen gjekk til Elisabeth Berg Hass, Arne Lindeflaten og Tomas Bruvik for saka om innsyn og postlistepraksis i Kvinnherad kommune.

Juryen seier følgjande:

Openheit og innsyn er avgjerande for eit levande lokaldemokrati. Ein føresetnad for dette er at kommunens saksdokument blir journalført og gjort tilgjengeleg via offentleg journal. Kvinnheringen hadde i lang tid hatt mistanke om at særleg administrasjonen i Kvinnherad kommune held offentleg informasjon hemmeleg, og bestemte seg for å sjekka journalføringa i kommunen. I eit heilt år gjekk avisa gjennom alle postlister, dag for dag. Det tidkrevjande og systematiske arbeidet re-sulterte i ei rekkje artiklar som avslørte at kommunen slurva med journalføringa. Gjennom solid dokumentasjon og mange kjelder får lesarane innblikk i ein ukultur i kommunen. Lesarane får også ei grundig innføring i kva postlister er, og korleis ein kan finna fram i dei på nett. Journalistprisen 2016 går til avisa Kvinnheringen for saka «Tvilsam postlistepraksis».

Marknadspris

Kvinnheringen kan òg takka filmskapar Merethe Offerdal Tveit for to prisar til. Fredag kveld fekk avisa og Offerdal marknadsprisen 2016.

Juryen seier følgjande:

Med julekalenderen til Merethe Offerdal Tveit har Kvinnheringen vist fram spennande lokalhistorie i ny og engasjerande innpakning. Frå 1. til 24. desember har lokalavisas lesarar fått innhaldsrike videoar som har ført til stor trafikk på nettsida. I tillegg har avisa skapt engasjement gjennom eigenannonsar og omtale i papiravisa. Juryen er imponert over Kvinnheringen som har fått 80 nye abonnentar i løpet av adventstida der bygdehistorien om Sunde vart vist fram. For sin flotte og kreative julekalender – og lokalavisas tilflyt av nye abonnentar – får Kvinnheringen LLAs marknadspris for 2016.

Digital

Laurdag morgon starta heller ikkje så verst for avishuset. Kvinnheringen fekk då igjen pris saman med Merethe Offerdal Tveit, nemleg heiderleg omtale i kategorien «Årets digitale satsing» for julekalenderen om Sunde.

Juryen seier her følgjande:

Gjennom eit heilt år har Offerdal Tveit intervjua unge og eldre, samla gamle bilde og historier for å dokumentera den historiske utviklinga av ei lita bygd.

Offerdal bruker seg sjølv mykje, utan å ta for mykje plass i forhold til historiene ho fortel. Den behagelege foteljarstemma, eit roleg tempo utan at ho misser sjåarane og dei historiske bileta som krydrar serien gjer dette sjåverdig langt utanfor avisas dekningsområde.

Redaktør Tomas Bruvik er overlukkeleg:

- All ære til dei flotte medarbeidarane i Kvinnheringen, prisane er eit resultat av godt samarbeid og god innsats frå alle på huset. Eg vil også retta ein heilt spesiell takk til Merethe Offerdal Tveit, for den nydelege julekalenderen ho laga, og som vi fekk presentera