I klassen årets beste journalistikk fekk Kjetil Østrem (Sunnhordland) prisen for årets beste sak. Kvinnheringen fekk her heiderspris med følgjande omtale:
«Heidersprisen går til ein gjeng journalistar som er uredde og nytenkjande. Dei har gjennom fleire år vist at det går an å driva ei mindre lokalavis på nye måtar, som skapar større engasjement, som provoserer litt meir, og som samtidig gir lesarane ny innsikt og gjer maktapparatet meir gjennomsiktig.
I artikkeleserien «Spelet om fisken» har redaksjonen på forbilledleg vis skaffa seg ekstern finansiering gjennom stiftinga Fritt ord, slik at to journalistar kunne frigjerast til å dykka ned i og kasta nytt lys over havbruksnæringa. Lesaren får grundig bakgrunn og betre forståing av konfliktar og utfordringar som følgjer med denne raskt veksande industrien.
Rådmannssaka
Redaksjonen grip sjansen etter eit tips om uregelementært sakshandsaming i kommuneadministrasjonen. Saka blir følgt nærast kvar dag og kvar natt og blir den viktigaste innsynskanalen, både for folkevalde og veljarane.
Temaavis om trafikktryggleik
Haldningar til trafikktryggleik, særskilt hos unge gutar må endrast. Til dette bidrar redaksjonen på ein framifrå måte med å laga ei temaavis som mellom anna skildrar nært, og vart den botnlause sorga og saknet hos nære pårørande etter trafikkdrepne.
Lokalavisa er eit førebilete når det gjeld nye tilnærmingar, grundig gjennomføring og attraktiv presentasjon av det journalistiske arbeidet.»
Éin til pris
I klassen levande ord og bilde vann Kvinnheringen med Kamp Kvinnherad.
Juryen seier følgjande:
Årets vinnar skil seg klart ut. Både på idé, ambisjonsnivå og gjennomføring. Kanskje særleg ut i frå ressursane som er tilgjengelege i det daglege. Årets vinnar er rett og slett like frekk som den er elegant!
Oppsettet vitnar om at aldri før har avstanden mellom nasjonale og lokale produksjonar vore mindre. Her er premissen at lokalsamfunnet skal speglast gjennom ein casting som fører til at sjåarane raskt finn sine favorittar - og hatobjekt.
Rivalisering mellom bygder og tettstader er eigna til tv-konsept. Her har produsent hatt både teft og gjennomføringskraft. Vi opplever breidde, humør og glimt i auga.
Juryen er rett og slett sjarmert av pågangsmotet, underhaldningsverdien - men også imponert over dei grunnleggjande journalistiske ferdigheitane det krevst for å løfta dette til god historieforteljing. Her tar det lokale mediehuset lokalt ansvar - og held fast ved det gjennom ein gigantisk produksjon.
Årets vinnar er Kamp Kvinnherad - produsert av Kvinnheringen».