Gå til sidens hovedinnhold

Heine (18) hamna på pallen i Dubai

Artikkelen er over 2 år gammel

Heine Røssland (18) vann laurdag sølvmedalje i spyd under Special Olympics i Dubai.

Special Olympics i Dubai samlar over 7.000 deltakarar frå heile verda. Sølvmedaljen til Heine var den første norske medaljen, og han er éin av berre to deltakarar frå Hordaland. Heine representerer idrettslaget Gneist på bergenskanten. Foreldra til medaljevinnaren kjem frå Halsnøy og Husnes, og dei er for tida saman med sonen under leikane i Dubai.

– Sjølv om Heine er busett i Bergen, er han likevel hundre prosent kvinnhering, skriv Lars Ivarsøy frå Husnes til Skimtvis.no.

Ivarsøy var i publikum då Heine tok medalje i spydkast-konkurransen.





Kommentarer til denne saken