«Heis regnbogeflagget, Kvinnherad!»

Leiar i Storapride, Anna Sofie Ekeland Valvatne, håpar Kvinnherad kommune vil gjera ei ny vurdering. (Pressefoto).

Leiar i Storapride, Anna Sofie Ekeland Valvatne, håpar Kvinnherad kommune vil gjera ei ny vurdering. (Pressefoto).

Av
DEL

MEININGARFredag 22. mai kunne ein lesa i Kvinnheringen at ordførar Hans Inge Myrvold feirar Storapride med ei videohelsing 28. juni. Ein kunne òg lesa at Kvinnherad kommune ikkje kjem til å flagga med regnbogeflagget, slik som fleire andre kommunar i Sunnhordland har valt å gjera i høve den digitale feiringa. Sjølv om me i Storapride er takksame for at ordføraren kjem med helsinga si, reagerer me veldig på vurderingane som er gjort i høve flagging på rådhuset, og kan på ingen måte seia oss samde i dei.

I vedtektene til Storapride står det at me skal vera ein organisasjon for heile Sunnhordland. Storapride 2020 skulle bre seg utover fleire av kommunane i regionen enn det me fekk til i fjor. På grunn av korona-situasjonen vert Storapride i år veldig annleis enn det me hadde planlagt, og me må ha arrangementet vårt digitalt. Sjølv om me då ikkje får den folkefesten me ønskja oss, klarar me likevel å skipa til eit arrangement for heile Sunnhordland. Sidan markeringa vert digital kan ein faktisk seia at me får arrangert Storapride i alle kommunane – slik som me hadde håpt. Flagging i alle kommunar i Sunnhordland skal ikkje vera noko problem.

I fjor valte ein kommunestyrerepresentant frå Partiet De Kristne på Bømlo å anmelda sin eigen ordførar for å flagga med regnbogeflagget for Storapride. Han meinte, i likskap med Kvinnherad kommune, at å flagga med regnbogeflagget for eit arrangement som han meinte føregjekk utanfor kommunen, var eit brot på Flaggloven. Det meiner me at det ikkje er.

Flaggvitar Jan Oskar Engene ved Universitetet i Bergen sa til NRK i høve PDK si anmelding at den delen av Flaggloven som handlar om arrangement ved offentlege bygg ikkje er meint til å tolkast bokstaveleg. Han sa at «Intensjonen i førebuingane til lovendringa var å gi kommunane moglegheit til å flagge ved arrangement av allmenn interesse, sjølv om de ikkje direkte blir avholdt i eller ved kommunens bygningar. Det tippar eg også vil gjelde når man vil støtte et arrangement i ein annan kommune» (NRK. 21. august 2019). Ordføraren i Kvinnherad har gitt uttrykk for at han vil støtta og delta på Storapride med ei videohelsing. Kvinnherad vert då ein del av arrangementet, og det skal gje kommunen høve til å flagga med regnbogeflagget, dersom ordføraren ønskjer det.

Ein finn mange døme kringom Noreg der kommunar har flagga for pride-arrangement utanfor kommunegrensa si. I Lillesand flaggar dei for Skeive Sørlandsdager i Kristiansand, og då ein FrP-politikar anmeldte kommunen, slo politiet fast at dette ikkje var ulovleg. I Halden flaggar dei både for Oslo Pride i juni, og Fredrikstad Pride i august. Og her i Sunnhordland har Austevoll, Etne, Sveio og Stord allereie varsla at dei skal flagga for den digitale feiringa av Storapride i år.

I år feirar me 70 år med organisert skeiv kamp i Noreg, men kampen for likestilling og aksepter dessverre langt frå over. Mange skeive lever, av ulike grunnar, ufrie og skjulte liv. Dei verken vågar eller kan vera opne om legninga, kjønnsidentiteten eller kjønnsuttrykket sitt. Dette gjeld sjølvsagt her i Kvinnherad, men òg i resten av verda.

Me tykkjer det er trist at Kvinnherad kan enda opp med vera den einaste kommunen i Sunnhordland som vel å ikkje heisa regnbogeflagget 28. juni. Kvinnherad skal vera ein god stad å bu, leva og jobba for alle – uavhengig av legning, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Dette må markerast med spesielle høve, og det gjer ein mellom anna ved å heisa regnbogeflagget. Dersom Kvinnherad kommune flaggar med regnbogeflagget, markerer ein at dette er ein kommune for alle. Det viser at den kampen som dei før oss har måtta kjempa åleine, kjempar me no i lag. Ikkje berre får me større slagkraft av å vera fleire, men me som slåst kvar einaste dag for å vera oss sjølve, kjenner at kampen vår vert noko lettare fordi me veit at me har heile Kvinnherad kommune med oss. Ein flaggar òg som ei solidaritetsmarkering for alle dei som framleis må leva i skjul, vert forfølgde eller møter motstand for å vera den dei er. Me flaggar for dei som ikkje kan gjera det sjølve, heilt fram til dei kan flagga i lag med oss.

Me vonar at Kvinnherad kommune gjer ei ny vurdering i saka, og heisar flagget!

Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Storapride

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags