Gå til sidens hovedinnhold

Held føredrag om spedalskheit

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag 9. januar kjem Dag E. Helland til Kulturhuset på Husnes og Kvinnherad Senioruniversitet for å snakka om lepra.

Føredraget er kalla «Spedalskheit – Historiske, kulturelle og medisinske aspekt ved denne sjukdomen». Det melder senioruniversitetet i ei pressemelding.

Spedalskheit, eller lepra som sjukdomen vert kalla, har vore ei plage for menneske i meir enn 10.000 år. Den skuldast infeksjon av bakterien Mycobacterium leprae. Denne vart oppdaga av Armauer Hansen i 1873, og var den første bakterien som vart vist å gi kroniske sjukdomar. I føredraget vil nokre viktige historiske, kulturelle og medisinske aspekt bli framheva. Det er naturleg at rolla til legar i Bergen vil bli vist i kampen mot denne sjukdomen. Vestlandet hadde spesielt mange leprapasientar.

Frå 1948 kunne sjukdomen bli behandla av eit nyoppdaga antibiotikum, og pasientar med lepra kunne bli heilt friske. I mange år har det blitt jobba internasjonalt med å fjerna sjukdomen, men framleis blir kring 200.000 tilfelle av sjukdomen oppdaga årleg, og dette trass i at medisinen er heilt gratis i alle land.

Helland har jobba med genforsking frå 1970, og har studert ulike aspekt kring eigenskapane til gena våre. Han var i ein periode tilsett som forskar i Kreftforeininga for å studera korleis gen vart skadde, mellom anna av ultrafiolett lys og av oksidative reaksjonar, og korleis desse skadane vert reparerte. Frå midten av 1980-talet var han professor i bioteknologi ved Universitetet i Bergen. Han har hatt tre lengre opphald i USA, mellom anna ved Harvard-universitetet i Boston og Columbia-universitetet i New York. Helland har jobba med ulike biomedisinske problemstillingar som virusforsking, AIDS-forsking, tuberkuloseforsking og vaksineforsking. Frå 2016 vart han pensjonist, men held framleis på med undervising og forsking når han ikkje driv med hagearbeid og fisking i Uskedalen.

Som vanleg er på møta i Senioruniversitetet, vert det servering og tid til ein god prat. Møta er opne for alle som er interesserte.

Kommentarer til denne saken