Gå til sidens hovedinnhold

Held fram med støtte til Senter mot incest og seksuelle overgrep

Artikkelen er over 1 år gammel

Formannskapet stilte seg tvilande til at Kvinnherad vil klara å drifta eit slikt tilbod sjølv.

Kommunedirektøren hadde innstilt på å støtta Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland (SMISO) med 25.000 kroner i 2020, medan det frå 2021 skulle vera eit mål for Kvinnherad kommune sjølv å ta hand om problemstillingar innanfor desse områda.

Dette siste punktet stilte formannskapet seg tvilande til, og peikte på at kommunen neppe vil klara å drifta eit like godt tilbod sjølv. Med 24 registrerte brukarar frå Kvinnherad, meinte eit samrøystes formannskapet at det er god prioritering å støtta senteret med 25.000 også i seinare år.

Kommunedirektøren tok dette med seg:

– Det er viktig å ivareta brukarane og fagkompetansen framover, og så får vi sjå på om dette best kan gjerast gjennom SMISO eller gjennom andre tilbod i framtida, sa ho.

Kommentarer til denne saken