Som Kvinnheringen nyleg skreiv, førebur Tormod Myklebust seg på ein hausttur til Ukraina. Han håpar kvinnheringane vil bidra med klede og anna utstyr som kan hjelpa dei krigsråka ukrainarane å halda seg varme no som vinteren nærmar seg.

Førstkommande laurdag, 1. oktober, opnar han lageret i Kvinnherad Vekstbedrift for dei som vil komma med klede og utstyr.

– Vi lagar til ein liten Ukraina-dag, og ukrainske flyktningar blir med på arrangementet. Det blir òg litt enkel servering, seier han.

Myklebust har alt fått inn ein god del utstyr sidan han først gjorde kjent at han skal på hausttur, men det er òg ein som framleis ikkje har fått levert, som har sagt dei har ting dei vil bidra med. Og behovet er enormt i det krigsråka landet.

Han fortel at det er behov for varme klede, og at særleg superundertøy og liknande varme underklede er særleg etterspurt. I tillegg er det trong for varme teppe, soveposar, madrassar etc.

– Hjarteleg velkomne skal de vera på laurdag, seier han.