Helene (25) har levert masteroppgåve om turisme i Rosendal – informantane er særskild uroa for éi type utvikling

– Både innbyggjarane og bedriftene ser på turismen som eit tviegga sverd, fortel Helene Olderkjær Lillebø frå Sunde. Nyleg leverte ho ei masteroppgåve om turisme i reiselivsbygda, og fekk mange viktige synspunkt frå dei som kjenner dette på kroppen.