Brødrene Flatebø med lågast anbod

Hellandskrysset på Husnes. (Dronefoto: Vidar Håland).

Hellandskrysset på Husnes. (Dronefoto: Vidar Håland).

Anboda på å laga rundkøyring i Hellandskrysset svingar frå 5,5 til 7 millionar kroner pluss moms.

DEL

Byggjeleiar i Statens vegvesen Region Vest, Ove Mansåker, opplyser at det er Etnefirmaet Brødrene Flatebø som ligg best an prismessig med eit anbod på 5,5 millionar kroner pluss moms. Anbodsfristen gjekk ut 10. august, og normalt går det tre veker før valet av entreprenør vert gjort.

– Vi må gå gjennom og verifisera det som er levert inn – mellom anna sjekka at alle spørsmåla i anbodsgrunnlaget er svara på, opplyser Mansåker.

Rangert etter lågast pris ser lista over entreprenørane som har levert anbod slik ut:

1. Brødrene Flatebø

2. Contexo AS, Mysen.

3. Dimmelsvik Entreprenør

4. Mesta

5. Vassbakk & Stol

Arbeidet som skal utførast omfattar rundkøyring, om lag 100 meter veg i begge retningar av Fv. 48 og dessutan bort til brua.

– Når det gjeld turvegen er det sagt at kommunen skal leggja til rette ein veg frå vassverket, opplyser Mansåker.

Etter at val av entreprenør er tatt, har tilbydarane 10 dagars klagefrist.

– Dermed er det håp om at arbeidet kan koma i gang ut i september ein gong. Målet er at rundkøyringa skal vera ferdig til mai neste år. Vi håpar å vera ferdige før sommartrafikken, seier Mansåker.

Det er Hordaland fylkeskommune som er oppdragsgivar i lag med Statens vegvesen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags