Naturvernforbundet vil kjempa for Hellandselva

Veteran i vassdragsvernarbeid og frivillig i Naturvernforbundet, Per Flatberg, vil kjempa for å verna Hellandselva. Her er Flatberg ved Ørredalsfossen ved Øystesevassdraget.

Veteran i vassdragsvernarbeid og frivillig i Naturvernforbundet, Per Flatberg, vil kjempa for å verna Hellandselva. Her er Flatberg ved Ørredalsfossen ved Øystesevassdraget.

– Eg trur me skal vinna fram. Det kjem til å krevja lobbyverksemd og at vi står på, men det skal vi gjera.

DEL

Det seier Per Flatberg, veteran i vassdragsvernarbeid og frivillig i Naturvernforbundet i Oslo.

– Verning av Hellandselva er no ei av fire-fem saker vi prioriterer høgast i Naturvenforbundet sentralt.

Laurdag kjem han til Husnes for å gå langs Hellandselva til Bremstølen.

– Eg ønsker å sjå vassdraget for å bli litt betre kjend med saka. Dessutan har eg høyrt at det er ein flott tur, og det ser ut til at vi kjem til å få strålande vêr, gler Flatberg seg.

Unødvendig

Naturvernforbundet er den eldste natur- og miljøvernorganisasjonen i Norge. Dei har nyleg passert 30.000 meldemmar, og har rundt 100 lokal- og fylkeslag i heile landet.

– Vi i Naturvernforbundet meiner at dette er ei unødvendig utbygging, då vassdraget betyr såpass mykje for lokalbefolkninga, samstundes som den vil gi relativt lite kraft. Derfor har vi valt å prioritera saka.

Flatberg har i mange år vore ein sentral del av den norske miljørørsla. Han var informasjonsleiar i folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget frå 1981-82, og vart i samband med dette dømt for brot på oppviglarparagrafen. Han var generalsekretær i Norges Naturvernforbund frå 1978-80, og vart i 2003 valt til æresmedlem i organisasjonen. Natuvernaren var også med og protesterte mot utbygging av Mardøla i 1971, og var ein av initiativtakarane til danninga av Samarbeidskontoret for frie Vassdragsverngrupper. Flatberg blei tildelt Kongens fortenestemedlaje i gull i 2008 for sin kamp for norsk natur.

Og denne gongen er det Hellandselva han og Naturvernforbundet vil kjempa for å bevara.

I januar godkjente nemleg NVE søknaden frå Sunnhordland Kraftlag om å bygga Onarheim kraftverk med inntak frå Hellandselva. Kvinnherad Turlag har klaga inn vedtaket til Olje- og energidepartementet, og var for nokre veker siden i møte med statssekretær i departementet i Oslo for å begrunna klagen. Her var Flatberg til stades.

– Representanten frå Kvinnherad turlag, Mari Teigen Varanes, gjorde eit veldig solid inntrykk. Ho klarte å få godt fram kva vassdraget betyr for lokalbefolkninga i Kvinnherad, meiner han.

– Skal gjera det vi kan

Flatberg fortel at Naturvernforbundet også skal ha eit møte med Klima- og miljødepartementet om saka.

– Vi skal gjera det vi kan for å få Olje- og energidepartementet til å omgjera vedtaket.

Flatberg trur det er stort sannsyn for at dei klarer å vinna fram.

– Det krev lobbyverksemd og at vi står på. Og det skal vi gjera.

Han trur likevel ikkje at det vil bli nødvendig med dramatiske protestar:

– Eg trur vi vil klara å få omgjort vedtaket såpass tidleg i prosessen at det ikkje vert naudsynt, seier Flatberg.

Artikkeltags