Gå til sidens hovedinnhold

Helleland oppmodar kommunar til å ta betalt frå turistar

Artikkelen er over 1 år gammel

Distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) meiner kommunane meir aktivt bør nytte seg av moglegheita til å ta betalt frå turistar for tenester dei nyttar.

Under spørjetimen i Stortinget onsdag stadfesta Helleland at ho er for at kommunar skal kunne krevje eit såkalla besøksbidrag frå turistar.

– I dag er det slik at regjeringa er heilt mot ein nasjonal turistskatt. Men det er handlingsrom for at ein lokalt ilegg brukaravgift knytt til parkering, søppel eller renovasjon til dømes. Det meiner eg kommunane bør ta i bruk i større grad, seier Helleland til NTB.

Ho understrekar at regjeringa ikkje kjem til å gi kommunane eit pålegg om å innføre slike avgifter. Men distriktsministeren er open for å justere regelverket slik at det blir meir fleksibelt.

– Viss ein kommune ønsker det for å sikre infrastruktur og å ønske fleire turistar velkommen, så ønsker eg som distriktsminister å hjelpe dei med moglegheita til det, seier ho.

Astrid Bergmål, leiar i Virke Reiseliv, er fornøgd med signala. Ho oppmodar no regjeringspartia til å stemme for eit forslag SV har fremma i Stortinget om å greie ut turistskatt.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken