Fleire pasientar med covid-19, høgt sjukdomsfråvær blant medarbeidarar og generelt stort trykk på avdelingane gjer at Helse Fonna framleis er i ein pressa situasjon.
Talet på pasientar med påvist covid-19 er i tysdag åtte. Alle ligg på Haugesund sjukehus. Ingen av dei får intensivbehandling, står det i ei pressemelding frå Helse Fonna.
Smitta medarbeidarar
Det har ikkje kome fleire positive prøvar knytt til nærkontaktar av dei fire medarbeidarane som er koronasmitta, men det har kome melding om at medarbeidarar i andre avdelingar i Helse Fonna har fått påvist covid-19.
– Smittesporing og testing held på. Eg vil understreka at medarbeidarane som har blitt smitta har vore flinke til å gjennomføra smittevern, slik at ingen av nærkontaktane har blitt smitta så langt, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna, i pressemeldinga.
Analysemaskinen som har vore ute av drift sidan i førre veke er no oppe og går att.
Frå 9. november går Helse Vest RHF i grøn beredskap.
Alle fire helseføretak i regionen – Helse Stavanger, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen – er no i beredskap.
Årsaka er at fleire pasientar med covid-19 blir lagde inn på sjukehusa. I tillegg aukar talet på personar som får påvist korona. På same tid er fleire born innlagde på sjukehus med RS-virus.
I tillegg er altså alle dei fire føretaka i Helse Vest no i beredskap.
