Aktivitetsdag om psykisk helse

13. februar skal KVV ha akktivitetsdag om psykisk helse med fleire spennande føredragshaldarar.

DEL


Skulen arrangerer slike aktivitetsdagar kvart år. I fjor var det fokus på plastrydding og miljø, og til neste år blir det skidag ved skulen. I år har skulen valt å fokusera på psykisk helse.

– Dette med den psykiske helsa til ungdommar og stressmeistring i tillegg til narkotika, er høgaktuelt i media og for oss som jobbar med unge. Derfor meinte vi det burde vera tema på aktivitetsdagen i år. Denne dagen løyser vi opp timeplanen til elevane heile dagen, slik at dei kan få med seg interessante føredrag, fortel Are Blokhus, leiar av aktivitetskomiteen på KVV.

Antidoping Norge og lokalt politi skal snakka om narkotika, skulepsykolog Sturla Helland om sosial angst, Iselin Lorentzen Amundsen frå Stord kommune skal snakka om og stressmeistring, og lærar Dag Sigurd Gregersen skal fortelja om nettvett. KVV har også hyra inn Andreas Gravdal som har skrive bøker om temaet psykisk helse.


Artikkeltags