Helsestyresmaktene: Skjønar viss folk stussar over munnbindråd

– Eg skjønar at folk stiller spørsmål om det. Fordi dei ser på bilete frå andre land at folk bruker munnbind. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix.

– Eg skjønar at folk stiller spørsmål om det. Fordi dei ser på bilete frå andre land at folk bruker munnbind. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix.

Av

Medan regjeringa jobbar på spreng med å skaffe munnbind, blir folk framleis rådde til å droppe det. – Eg skjønar at folk stiller spørsmål, seier helseministeren.

DEL


Før helga kunne helseminister Bent Høie (H) fortelje at regjeringa har skaffa 1,2 millionar nye munnbind som skal brukast til å verne tilsette i helsetenesta i kommunane. Samtidig er rådet til vanlege, friske folk at det ikkje er vits å bruke dei.

– Eg skjønar at folk stiller spørsmål om det. Fordi dei ser på bilete frå andre land at folk bruker munnbind. Men her må ein stole på fagstyresmaktene våre, og vurderinga deira er at munnbind for folk flest ikkje er noko effektivt vern, seier Høie til NTB.

I helga oppdaterte Folkehelseinstituttet (FHI) råda sine. Friske folk blir framleis ikkje tilrådde å bruke munnbind, men personar med covid 19-sjukdom blir tilrådde å bruke det under transport til helsetenesta.

Trass i desse råda har det vorte stadig vanlegare å sjå folk med munnbind på gatene i norske byar, og mange har gitt uttrykk for at dei ikkje skjønar seg på rådet frå styresmaktene.

Kan verke på fullstappa buss

Fungerande assisterande helsedirektør Espen Nakstad forstår at folk kan tykkje det er rart å bli rådd frå å bruke munnbind.

– Forklaringa er at munnbind er godt eigna til å verne deg om du er sårbar, om du har dårleg immunforsvar eller andre ting og må røre deg ute. Og det er godt eigna til å verne frå å smitte andre viss du er sjuk, seier Nakstad.

Men:

– Ute i det offentlege rommet, viss du held god avstand til andre og ikkje går ut når du er sjuk, så er sjansen for å spreie smitte så liten at vi ikkje ser det som formålstenleg å forbruke 5,5 millionar munnbind per dag i Noreg. Då går det nemleg tomt, seier han.

– Eit fritt land

Nakstad vil ikkje kritisere dei som likevel bruker munnbind.

– Det er eit fritt land, og folk har lov til å verne seg ekstra viss dei vil det. Det må dei gjerne gjere. Men vi har ikkje tilrådd det generelt for friske menneske som er ute og har god avstand til kvarandre.

– Sett at ein etter kvart får nok munnbind i helsetenesta. Kunne det vore nyttig at folk tek det på seg?

– Det kan vere smittevernfagleg belegg for å bruke munnbind viss du står i ein tettpakka T-bane eller tog i morgonrushet og vil vere sikker på å ikkje bli smitta. Det er det ein gjer i mange land. Men akkurat no er det lite trengsel på kollektivtransport i Noreg, og folk er flinke til å halde god avstand, seier Nakstad.

Kan verne

Fagdirektør Frode Forland i FHI seier òg at munnbind kan verne dersom ein er tett på ein annan sjuk person.

– Men du skal ikkje vere ute og gå på gata viss du er sjuk. Viss du må det, av ein eller annan presserande grunn, og du er forkjølt, går og hostar og nys og skal i butikken, så vil det vere hjelp i å ha på munnbind. Det er det ein logikk i. Men då skal du ikkje vere der.

– Men kva om folk er smitta utan å ha symptom, hjelper det ikkje om dei bruker munnbind då?

– Det at du ikkje har symptom, tyder jo at du pustar på vanleg måte. Då skal du vere ekstremt nær opp i fjeset på nokon, skal du klare å puste på nokon ein infeksjon. Det er eigentleg det tometersgrepet hindrar – at eg, når eg står og snakkar med deg, skal klare å spytte bort til deg.

Helseminister Bent Høie understrekar at det framleis er knappleik på munnbind i verda og i Noreg.

– Endå om vi både har fått ein del munnbind, og ein del munnbind er på veg, så er det ikkje sånn at vi no kan byrje bruke dette til folk flest. Dette er noko som må brukast av dei som jobbar i helsetenesta og til dei som eventuelt må på besøk til sine næraste, som er til dømes døyande, seier han.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags