Her blir det arrangert humanistisk namnefest for August og Theodor – den første av sitt slag i Kvinnherad

August Bremer Lilie og Theodor Olsen Nordtveit har her motteke namnetavlene som eit bevis på og eit minne om namneseremonien.

August Bremer Lilie og Theodor Olsen Nordtveit har her motteke namnetavlene som eit bevis på og eit minne om namneseremonien. Foto:

– Vi er veldig fornøgde med at vi fekk ha namneseremoni her heime.

DEL

Babyane August Bremer Lilie og Theodor Olsen Nordveit var i sentrum under den første humanistiske namneseremonien noka tid i Kvinnherad.

Seremonien gjekk føre seg i festsalen i Kulturhuset Husnes, og var i regi av Human Etisk Forbund.

Gaute Lund frå forbundet helste velkommen, og var den som delte ut namnetavlene til hovudpersonane. Lund snakka om at seremoniar er noko menneske over heile verda har hatt til alle tider, og at når eit barn kjem til verda, er det ei stor hending som er flott å markera gjennom ein namnefest.


Tale og musikk

Leiande helsesjukepleiar i Kvinnherad, Line Steffensen Holmedal heldt ein rørande tale der ho ønskte dei små velkomne til verda. Ho hadde mange gode råd på vegen, både til barnet og til foreldra.

– Livet er det einaste du har. Bruk det godt, slutta ho.

Seremonien blei ekstra rørande og fin med den vakre musikken som Bjarne Øymyr, Alex Grieg og Gina Aspenes stod for, som songen «Vi lovar» av Oscar Danielson og «Gabriellas sång» av Stefan Nilsson og Py Bäckman. Og heilt på slutten ein allsong, den tyske folkevisa «Din tanke er fri».

Leiande helsesjukepleiar i Kvinnherad, Line Steffensen Holmedal, heldt ein rørande tale til seremoni-barna.

Leiande helsesjukepleiar i Kvinnherad, Line Steffensen Holmedal, heldt ein rørande tale til seremoni-barna. Foto:

– Dette blei ein flott seremoni, og vi er veldig fornøgde med at vi fekk ha namneseremoni her heime i staden for at vi skulle måtta ha reist til Stord. No kunne vi ha heile familien med, smilte Silje Hjelmeland Olsen, mor til Theodor Olsen Nordtveit.

– Silje la litt press på oss for at vi skulle arrangera ein lokal namnefest, og no fekk vi det endeleg til. Det var veldig kjekt å vera med på, meinte Gaute Lund.

I fleire år har det blitt arrangert humanistiske konfirmasjonar i Kvinnherad, og somme tider også humanistiske gravferdar.

– Ting tar ofte litt tid, derfor har det ikkje blitt namnefest før no. Men etterspurnaden er der, så vi er klare til å stilla igjen når nye barn skal ha namnefest, sa han.


Glad for alternativ

Hedda Bremer Thauland er mor til August Bremer Lilie. Også ho var takksam for at namneseremonien denne gongen kunne vera heime i Kvinnherad.

– Det er jo litt ekstra stas å kunna ha dette i heimkommunen. Med storebror Victor måtte vi til Stord, fortalde ho.

Hedda var til liks med dei andre svært fornøgd med den flotte seremonien, og understreka at det betyr mykje å ha eit alternativ til dei som ønskjer noko anna enn ein kristen dåp for barna sine. Bror til Hedda var i si tid den første babyen som det blei halde humantistisk namnefest for i Bergen, for 23 år sidan.

Etter seremonien på Husnes gjekk turen til feiring for kvar av familiane.

Etter seremonien var dei stolte foreldra svært fornøgde. Bak ser vi Hedda Bremer Thauland og Martin Lillie med ein av hovudpersonane for dagen, August, og storebror Victor. Fremst står Silje Hjelmeland Olsen og Olav Nordtveit med den andre hovudpersonen, Theodor.

Etter seremonien var dei stolte foreldra svært fornøgde. Bak ser vi Hedda Bremer Thauland og Martin Lillie med ein av hovudpersonane for dagen, August, og storebror Victor. Fremst står Silje Hjelmeland Olsen og Olav Nordtveit med den andre hovudpersonen, Theodor. Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken