Her er råda frå kommunelegen om kva du bør og ikkje bør gjera: – Barnebursdagar og familieselskap er ingen god idé nett no

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Kommuneoverlege Glenn André Opland åtvarar folk om å samlast fleire i lag i tida vi no er inne i.

DEL

Mange lurer på kor påpasselege dei eigentleg må vera. Kan dei gå på butikken? Kan dei samla familien? Kva med barn – bør dei unngå å ha vener på besøk?

– Hovudprinsippet er at vi alle må gjera ein dugnad nett no for å hindra smitte. Det betyr faktisk at ein bør unngå menneskeleg kontakt så mykje ein kan, og overholda regelen om å ha éin meters avstand til andre. Derfor er familieselskap og barnebursdagar ingen god idé nett no, seier kommuneoverlege Glenn André Opland.

– Kor store grupper meiner du er problematisk?

– Det kjem litt an på gruppa. At barnet ditt har ei venninne eller ein kamerat på besøk er ikkje så problematisk viss ein passar på å ha god hand- og hostehygiene, men ein bør ikkje samla fleire ungar saman for å spela fotball eller sjå film og liknande. "Føre var"-prinsippet er lurt å ha.

Omgrepa "isolasjon" og "karantene" blir brukt litt om ein annan, men her gjeld strengare reglar:

– Personar som er i isolasjon er gjerne dei som har fått påvist smitte eller som ein mistenker er smitta. Dei skal som hovudregel ikkje ha kontakt med andre menneske, og halda seg heime, innandørs. Personar som er i karantene skal unngå å gå på butikken eller ta offentleg transport, fordi dei der kan møta fleire andre menneske. Dei kan gå ut i naturen, men må unngå andre menneske så langt det lar seg gjera, seier kommuneoverlegen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken