Her får Odd (86) den første lokale koronavaksinen

Sjukepleiar Hege Kristin Raudstein sette sprøytestikket på Odd Saltnes. – No blir vi berømte du og eg, tøysa han.

Sjukepleiar Hege Kristin Raudstein sette sprøytestikket på Odd Saltnes. – No blir vi berømte du og eg, tøysa han. Foto:

– Mangt ein skal vera med på, helste Odd Saltnes, som fekk den aller første koronavaksinedosen som blei sett ved Husnestunet.

DEL

Det var nærast høgtidsstemning på Husnestunet torsdag. Dei første 40 vaksinedosane til Kvinnherad skulle bli distribuert, noko mange hadde venta på. Også ved Halsnøytunet skulle pasientane bli vaksinerte samstundes.

– Vi henta vaksinen i går, den kom i ein slik kjølekonteinar som de har sett på tv. I dag er målet å få vaksinert alle dei 32 langtidspasientane våre, samt dei 17 på Halsnøytunet, fortalde einingsleiar ved Husnestunet, Anne Tangen Rørdal, då ho tok imot presseoppbodet frå lokalavisene.

Ho sa at skulle dei klara målet, måtte dei få fleire dosar utav glasa enn dei opphavlege fem, noko ho trudde skulle gå greitt. Og dersom det endå skulle bli noko til overs, var planen å køyra dette til Rosendalstunet, slik at ein kunne koma i gang med vaksineringa også her.


Lege på huset

– Frå vi blandar vaksinen, har vi seks timar på oss til å bruka alt innhaldet. Det er eigentleg ganske god tid, så det trur vi at vi skal klara. Vi har brukt eit par dagar no på å leggja ein god plan, sa ho.

Sjukepleiarar og nokre andre pleiemedarbeidarar var frigjorte frå vanleg teneste for å ta seg av vaksineringa.

– Det er sjukepleiarar som set sprøyta, og så har vi òg med noko personell som skal observera.

Endeleg nådde koronavaksinen fram til Kvinnherad, og Odd Saltnes blei den første som fekk sprøyte på Husnestunet.

Endeleg nådde koronavaksinen fram til Kvinnherad, og Odd Saltnes blei den første som fekk sprøyte på Husnestunet. Foto:

Grunnen til at akkurat denne torsdagen blei vaksinedag, var fordi Husnestunet då har lege på huset heile dagen.

– Vi har god grunn til å tru at vaksineringa skal gå heilt fint, og sjølve vaksineringsbiten er vi jo rutinerte på. Men dette er noko nytt uansett, så då er det greitt å vita at vi har ein lege på huset, forklarte Tangen, og la til at dei skal gjennomføra den same prosedyren om tre veker når pasientane skal ha dose nummer to.

Etter at vaksinen endeleg hadde nådd romtemperatur, var det klart for å setja sprøytene. Første pasient ut var 86 år gamle Odd Saltnes.

Berømte

– Er dette noko å bli kjent for då? Det er mykje ein skal vera med på. Ja ja, no blir vi berømte du og eg, skjemta han til sjukepleiar Hege Kristin Raudstein, som sette sprøytestikket.

Etter eit par sekund var stikket over, og Raudstein lurte på om det hadde vore vondt?

– Eg kjente det litt, svarte han.

Medieoppbodet frå lokalavisene lurte på om han hadde vore redd for koronaviruset, men det hadde han ikkje, svarte han.

– Var du spent på vaksinen?

– Nei, eg har no fått mange sprøyter før, sa han nøkternt.

Einingsleiar Rørdal var ikkje i tvil om at den lokale vaksineringsstarten var eit høgdepunkt.

– Dette er på ein måte den første dagen i ein ny periode. Den gir håp om at vi kan sjå fram til betre tider, sa ho.

Breie smil og god stemning etter at sprøyta var sett.

Breie smil og god stemning etter at sprøyta var sett. Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken