Her streikar bussjåførane Bjarne Johan og Hallgeir: – Viktig å bygga opp betre kår for dei som kjem etter oss

Busstreiken nådde laurdag også Vestland, og ikkje éin buss gjekk i rute her frå laurdag morgon av. I staden for stod kamplystne bussjåførar streikevakt, med klare krav om kva som må bli betre for yrkesgruppa deira.