Gå til sidens hovedinnhold

Serverte juleshow i ridehallen

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er vanskeleg å tenkja på noko anna enn «Tre nøter til Askepott», der Synne Sørensen Såtendal kjem hoppande på den kvite hesten. Når Rosendal rideklubb lagar juleshow, skjer det med både eleganse og mot.

For 10-åringen frå Dimmelsvik handlar veldig mykje i livet om hest. Og den kvite, julekledde, danske sportsponnyen er truleg den aller beste venen hennar.

– Det er klubben som eig hesten, men eg har han på fôr. Det vil seia at eg tek meg av han alle måndagar og tysdagar, samt partalshelgene. Og dei andre helgene også når eg har tid, strålar Synne.

Ho og «Mr. Sizzler» held på å gjera seg klare til rideklubben si årlege juleavslutning, vel vitande om at det i fjor ikkje gjekk heilt etter planen.

Høge sprang

– Då hoppa eg med hesten til mamma, «Maximus». Han stoppa opp tre gonger, og eg stupte i bakken to av dei, smiler hardhausen, som slett ikkje let seg skremma av litt knall og fall.

– Det blir lettare denne gongen då?

– Veit ikkje heilt. Mr. Sizzler er jo berre ein ponni, og dei kan jo finna på kva som helst. Men eg trur det kjem til å gå bra.

Og det gjorde det. Rett nok stoppa han opp framfor eit par hinder, men Synne held seg stødig på hesteryggen, tok ny sats og hoppa over alle sju hindringane i årets juleløype. Det gjorde også fleire av dei andre aktive medlemmene i rideklubben. Olina Olsen Søllesvik og Miami hadde særs god klaring, sjølv om hindera vart sett monaleg høgare. Ingen tvil om at trening gjer meister.

Før dette hadde fleire av årets rideskuleelevar fått vist seg fram. Og det vart også lagt inn ein litt uhøgtidleg pappakonkurranse frå hesteryggen.

Plass til fleire

Men om stemninga var god, var det ikkje trongt om plassen i den flotte ridehallen i Rosendal.

– Nei, det har vore eit heller magert år for rideklubben. Av ulike årsaker. Mellom anna mista me den dyktige instruktøren vår, Stefan Barackov. Han reiste vidare til ein stor stall på Austlandet. Men samstundes er det jo ei generell aukande hesteinteresse, med mange lokale firbeinte som gjer det bra på travbanane. Det er også veldig positivt at Lisbeth Stensletten har flytta heim. Ho har trenar 2-utdanning frå Starum, og har allereie vist seg som ein ressurs. Difor har også eg stor tru på at det berre kan gå éin veg framover, smiler Kristine Sørensen Såtendal, ei av dei verkelege eldsjelene i hestemiljøet i og kring Rosendal.

Kommentarer til denne saken