Historisk sum tilført næringsfondet. 1,6 millionar kroner klare til fordeling blant lokale bedrifter

Covid-19-utbrotet har gitt store utfordringar for næringslivet i mange kommunar. Stortinget løyvde i sommar ekstra midlar til kommunale næringsfond. Vestland fylkeskommune fekk tildelt 75,3 millionar kroner til uavkorta fordeling til kommunane.