Gå til sidens hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk: Jonsokfeiring og turnlagsjubileum i Rosendal

13. april 2020, kl. 20:00

I juni 2001 vart jonsokfeiringa og Rosendal Turnlag sitt 100-årsjubileum slått saman til eit flott arrangement i Rosendal. Jonsokbrureparet kom i båt til Skålakaien, for så å bli frakta i hest og kjerre til Hestasletto. Bak følgde eit langt tog der dei ulike turnlagsgruppene markerte seg på ein fargerik måte. Rundt 500 deltakarar og tilskodarar toga gjennom Skålagato og fram til Hestasletto. Der vart det framført eit tablå over skipinga av Rosendal Turnlag hundre år tidlegare. Etter teater, song og musikk på Hestasletto, heldt jonsokfesten fram på Rosendal Stadion.