Gå til sidens hovedinnhold

– Eg trur læraren heiter Einar, men av og til har dei ei som heiter Jannike

Artikkelen er over 3 år gammel

Dette sa Carina Seeberg til Kvinnheringen sjette oktober i 1993. Carina var då fem år gammal og var intervjua i fredagspraten saman med venninna si Susanne Solend Karlsen.

Dei to jentene fortalde då om livet i Høylandsbygd og om alt det kjekke å finna på der, mellom anna det å måla skjel i alle slags fargar.

Carina Seeberg ler når vi ringer til ho, og ho fortel at fredagspraten for 25 år sidan hugsar ho veldig godt. Sida er klipt ut, og det var ikkje så lenge sidan ho leste den trivelege historia.

– Eg hugsar avismannen frå Kvinnheringen kom forbi leikeplassen, og ville prata med oss. Det var veldig stas, minnest Carina

Så mykje skjel malar ikkje Carina sjølv lenger, men ho har fått to jenter, som ho har teke opp arven vidare med, så det hender dei gjer akkurat dette.

Bur på Halsnøy

Carina er ei av mange kvinnheringar som har flytta heim igjen til kom-munen, etter å ha budde vekke ein del år.

– Eg var veldig klar på at då eg fekk barn, så ville eg heim igjen, og slik vart det.

No er ho busett med familien i Toftevågen.

Ho er utdanna sjukepleiar og er ei av dei som pendlar med el-bil til jobb på Husnestunet.

I intervjuet i 1993 var ho saman med veninna Susanne Solend Karlsen, som var seks år.

– Vi var klasseveninner, men ho flytta tidleg vekk frå Halsnøy, men litt artig var det at vi tilfeldigvis hamna i same barselgruppe på Facebook då vi fekk våre første barn. Då hadde vi ikkje sett kvarandre på veldig lang tid, og fekk faktisk møtt kvarandre. Det var veldig kjekt, seier Carina.

Søk i arkivet du òg

Er du abonnent på Kvinnheringen har du full tilgang til det digitale arkivet, uansett om du har papiravis eller digital tilgang. Om du ikkje er registrert kan du gjera det her på nettsidene våre. Skulle du ikkje få dette til ringer du abonnementsavdelinga til Kvinnheringen (852 33 202), så vil dei hjelpa deg med å få dette til.

Kommentarer til denne saken