Gå til sidens hovedinnhold

Kinosjef Terje Fonneland er vel nokolunde den same, men kinodrifta er blitt heilt ny

Artikkelen er over 3 år gammel
FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGEN

Vi i Kvinnheringen kosar oss med det gamle avisarkivet som nettopp er blitt digitalisert heilt frå starten i 1973. Denne gongen ser vi nærare på eit oppslag frå 26. september i 1997, der dåverande og noverande kinosjef Terje Fonneland uttalar seg om at tida er inne for å slå saman alle dei tre private kinoane i kommunen, og å la kommunen overta drifta.

Etter litt prating med Fonneland hugsar han saka godt.

– Ja, den gongen var det ein del diskusjonar om kva som var beste måten å driva kinoane på, men i dag kan eg ikkje gå god for noko av det eg sa i 97, kommenterer han muntert.

Han forklarer dette med at bildet endra seg totalt etter at kinoane vart digitaliserte. Frå å stå i kø for å få tilsendt filmrullar, gjekk ein over til heilt enkelt å lasta filmane ned frå nettet.

– Med digitaliseringa vart det langt enklare for alle å få tak i filmar. Framleis er det ei viss favorisering av dei største kinoane, men det kan ikkje samanliknast med den gongen dei minste stod sist i køen når nye filmar vart lanserte. Det var derfor eg meinte vi burde slå kinoane saman. Ei større eining ville gitt høgare prioritet, dessutan betre økonomi, seier Fonneland i dag.

I saka frå 97 går det òg fram at talet på framsyningar i 96 var 192, medan besøkstalet hamna på 12.245. Til samanlikning kan Fonneland fortelja at det i fjor var 239 framsyningar og 15.037 selde billettar.

Søk i arkivet du òg

Er du abonnent på Kvinnheringen har du full tilgang til det digitale arkivet, uansett om du har papiravis eller digital tilgang. Om du ikkje er registrert kan du gjera det her på nettsidene våre. Skulle du ikkje få dette til ringer du abonnementsavdelinga til Kvinnheringen (852 33 202), så vil dei hjelpa deg med å få dette til.

Kommentarer til denne saken