Gå til sidens hovedinnhold

Livet etter Kaizers

Artikkelen er over 3 år gammel

Rune Solheim (41) flytta frå Oslo til Skien i sommar og stortrivst i nye omgivnader. Livet etter Kaizers Orchestra er godt.

FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGEN

– Klarar du å hugsa kva Kvinnheringen skreiv om deg 4. januar 2002?

– Var det den saka der bror min Kjetil og eg var plateaktuelle med bergensbandet Starling?

– Nei, det var året før.

– Første plata til Kaizers Orchestra?

– Nei, det var framleis året før, men du nærmar deg.

Med tanke på dei 12–13 åra med eitt av norges mest suksessrike rockeband, med all den mediamerksemda det førte med seg, er det ikkje så rart at Rune Solheim, opphavleg frå Husnes, slit litt med å treffa blink. Berre i Kvinnheringen får du uhorveleg mange treff om du søkjer på Rune Solheim eller Kaizers Orchestra. Men når me minner han på gassmaske-bildet, hugsar han intervjuet.

– Ja, me tok bildet på senteret – det hugsar eg, ler Rune.

Januar 2002 var like før Kaizers starta på sin første maraton-turné. I utgangspunktet skulle det vera tre månader med spelejobbar stort sett annankvar dag.

– Den turneen vart til 250 reisedagar – den varte nesten eit år, minnest Rune.

Den harde vegen

Ingen kan hevda at Kaizers Orchestra kom lett til suksessen, og det tok ei tid før dei skjøna kva oppdrag dei burde seia nei til. I intervjuet frå 2002 rippar Rune mellom anna opp i ein kjøpesenterjobb i Bodø som førte til at bandet aldri meir sa ja til slikt. Og ein spelejobb på ein pizzarestaurant i Førde der Kaizers vart hysja på og fekk beskjed om å dempa seg. Noko Helge Risa på pumpeorgel likte godt, for han kom frå bedehusmiljø på Bryne og var ikkje så glad i bråk og ståhei.

Plateselskapet EMI får elles festivalpasset sitt påskrive. I intervjuet frå 2002 fortel Rune følgjande: «Dei hadde sjansen til å høyra oss under Bylarm-festivalen i Bergen i fjor vår, men valde å drøsa med Salhusvinskvetten i etasjen over konsertlokalet».

16 år etter kan Rune fortelja at Kaizers tok ein herleg revansj:

– Ei stund etter at me vart populære byrja fleire plateselskap å jakta på oss. I samband med ein spelejobb på Blå i Oslo, tok EMI kontakt og spurte om me kunne setja nokre EMI-folk på gjestelista. Me sa nei, ler Rune.

Noko slikt har vel neppe skjedd verken før eller seinare.

Kommunikasjon

Den Kaizers-saka Rune hugsar aller best, hevdar han, er Kvinnheringen sin reportasje frå den aller siste Kaizers-konserten i turneen «Siste dans» (Kvinnheringen 18. september 2013).

– Der kom heile bandet godt fram.

Rune Solheim jobbar i dag i eit kommunikasjonsbyrå som arrangerer fagkonferansar og liknande. Av og til bookar han artistar og sit då på andre sida av bordet, samanlikna med Kaizers-tida.

– Kva med utøvande musikk for din eigen del?

– Det blir det altfor lite av, men innimellom blir det eit stunt i ny og ne saman med andre musikarar. Men ikkje noko fast band for tida, fortel trommisen som er far til tre.

Familien etablerte seg i Skien i sommar og Rune er aktiv den same kristne menigheten som han var i Oslo; stiftinga DNA International.

– Livet er bra, eg har gått litt ned i stilling i det siste. Me kjøpte ein stor fire-mannsbustad i Skien og har ein slags husmenighet med masse folk rundt oss, fortel Rune.

Viktig periode

– Kva var det beste med Kaizers-åra?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Me sette oss nokre høge mål som me klarte å nå. Å byggja opp noko saman med andre – og klara å avslutta det på ein verdig måte som gode vener. Me i bandet var vidt forskjellige, men fekk til eit godt samarbeid både internt og saman med andre rundt oss. Me opplevde suksess på ein svært fin måte. Det har gitt meg mykje reint personleg og elles viktig lærdom innan forretningsdrift og livskunnskap.

Rune tenkjer seg litt om:

– Før Kaizers-perioden var det Husnes og det pulserande rockemiljøet på 90-talet som var basisgrunnlaget mitt. Denne arva og desse røtene var grobotnen for musikk-karrieren mi, slår Rune fast.

Til slutt er det tid for det uunngåelege spørsmålet:

– Blir det snart gjenforeningskonsert med Kaizers Orchestra?

– Me var lure nok til å setja ein stoppar medan me var på topp. Og me er framleis i stopp-modus. Om det skulle skje noko, vil du merka det!

Søk i arkivet du òg

Er du abonnent på Kvinnheringen har du full tilgang til det digitale arkivet, uansett om du har papiravis eller digital tilgang. Om du ikkje er registrert kan du gjera det her på nettsidene våre. Skulle du ikkje få dette til ringer du abonnementsavdelinga til Kvinnheringen (852 33 202), så vil dei hjelpa deg med å få dette til.

Kommentarer til denne saken