Ragnvald Vaage – jordson og diktar (del 1)

Artikkelen er over 2 år gammel

Ragnvald Vaage (1889-1966) er den store, men i dag litt gløymde, forfattaren frå Sunde. Vaage gav ut 20 bøker, diktbøker, barnebøker, noveller og romanar. Han levde som bonde i Våge på Sunde, og store deler av livet måtte han kjempa for å få tid og råd til skriving. Barnebarenet, Lars Amund Vaage, som også velde å bli forfattar, fortel om kva det er med livet og diktinga til bestefaren som har gjort slik inntrykk på han.