No kan du søkja i Kvinnheringen heilt tilbake til 1973

Lokalavisentusiast Åsmund Kåre Rørvik (sitjande) og redaktør Tomas Bruvik morar seg med digitale dykk i Kvinnheringen sitt avisarkiv. (Foto: Mona Grønningen).

Lokalavisentusiast Åsmund Kåre Rørvik (sitjande) og redaktør Tomas Bruvik morar seg med digitale dykk i Kvinnheringen sitt avisarkiv. (Foto: Mona Grønningen).

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnheringen har endeleg fått digitalt avisarkiv heilt tilbake til aller første utgåve, 3. januar 1973. – Eg gler meg til å søkja i gamle aviser, seier husnesingen Åsmund Kåre Rørvik.

DEL

Som den første avisa i Amedia-konsernet har Kvinnheringen fått digitalt, søkbart avisarkiv heilt tilbake til første utgåva. Det betyr at alle abonnentar kan søkja på aviser og avisutklipp frå 3. januar 1973 og fram til den ferskaste avisa.

– Dette har vi hatt lyst til å gjera lenge no, men det har ikkje vore økonomi til det tidlegare. Men vi har hatt trykk på dette opp mot eigarane våre i lang tid, og til slutt fekk vi «ja», noko vi er veldig glade for. Vi er første avisa i Amedia som har fått dette, men fleire kjem etter då ein ikkje lenger er i tvil om verdien av å ha eit digitalt arkiv, seier redaktør Tomas Bruvik.

Éin som har pressa på for at Kvinnheringen skulle digitalisera arkivet sitt, er Åsmund Kåre Rørvik frå Husnes. Han meinte det var for gale at ein ikkje skulle ha dette når konkurrenten Grenda har fått seg digitalt arkiv. Rørvik skreiv til og med e-post til André Støylen, styreleiar i Amedia, der han argumenterte for kvifor Kvinnheringen sitt avisarkiv burde digitaliserast. No har han tatt turen til redaksjonslokalet i Lonabrotet for å få rettleiing av redaktøren i det aller første søket. Dei to søkjer på nettopp Rørvik sitt namn, og finn dei mange sakene som har blitt skrive om han opp gjennom åra. Deriblant ei sak frå eit kommunestyremøte i desember 1987, der bildet syner ein ung Rørvik med svart hår og bart.

– Oi, sjå der! Det var året då eg leia arbeidet med eit framlegg til eit nytt offentlegheitsreglement for Kvinnherad. Det blei ikkje særleg godt motteke den gongen, og blei nedstemt, mimrar Rørvik.

Sidan forsvinn timane i leiting etter gamle saker og historier, og Rørvik slår fast at tidene endrar seg:

– Eit avisarkiv gir eit fantastisk bilde av samtida, heilt uredigert og akkurat på den måten saker og hendingar blei omtala og dei sitata folk gav der og då. Vi kan gjerne le litt av enkelte ting i dag, men vi må sjå ting i historisk samanheng, og avisarkivet er difor ein god måte å prøva å forstå historia på, seier han.

God prioritering

Rørvik legg til at han er glad for at Kvinnheringen har prioritert denne investeringa.

Redaktør Bruvik håpar og trur at abonnentane vil setja pris på høvet til å gjera lokalhistoriske djupdykk på nett.

– Opp gjennom tida har vi hatt mange innom avishuset som har leita etter ulike saker frå gamle aviser. Tidlegare har vi ikkje kunna gjort anna enn å visa dei til å bla igjennom dei gamle papiravisene. No vil søk etter saker bli langt enklare, når ein faktisk berre kan søkja på akkurat det ein leiter etter med eit enkelt søkjeord, seier Bruvik.

Det var ingen liten jobb å få aviser heilt frå 1973 digitalisert.

Først måtte alle avisene pakkast og ordnast, og det viste seg at ei utgåve frå det aller første året mangla.

– Vi visste at Tjerand Lunde hadde eit arkiv av alle avisene til Kvinnheringen, og Ivar Lunde, son til Tjerand, leita og fann den avisa vi mangla. Det er vi svært takksame for, seier redaktør Bruvik.

– Då arkivet var komplett vart alle avisene sende til Sveits der kvar og éi side blei skanna, og tilbake kom ein liten harddisk med heile arkivet digitalisert. Dette vart så sendt til Danmark, der dei gjorde jobben med å få avisene inn i Kvinnheringen sitt digitale system.

Totalt var dette ei investering på rundt 300.000 kroner. Men vi er ikkje i tvil om at det er ei god investering, helsar redaktøren, som håpar lesarane får mange kjekke stundar med digitale søk.

– Ta kontakt med oss i Kvinnheringen om du har spørsmål, oppmodar han.

Slik går du fram for å søkja i arkivet på pc og mac:

1. Klikk på "Meny" øvst til høgre på nettavisa.

2. Under "EAVIS OG UTGAVER" vel du "Les dem her".

3. Under "Papiravisa (eAvis)", vel du "Les denne utgåva".

4. Nyaste utgåve kjem opp. Trykk på forstørringsglaset i menyen til høgre og vel "Arkiv".

5. Skriv det du vil søkja på i søkefeltet og klikk "Søk".

6. Vel året til venstre og månad i toppen i treffa du får fram. Lukka til!

Slik går du fram på mobil og nettbrett:

1. Last ned appen vår og opna den. Logg inn med aID.

2. Klikk på forstørringsglaset oppe til høgre.

3. Vel "Avansert", og skriv søkeordet ditt.

4. Du kan òg spesifisera datoane du vil søka mellom.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags