Gustav Bergstø er nok kjend for dei fleste kvinnheringar, i alle fall dei som har levd ei stund. Den kreative multikunstnaren hadde mange jarn i elden, og var rask med å tenna då han fekk høyra om den blodferske oppdrettsnæringa på midten av 1950-talet. Den gongen var det dansk regnbogeaure som var i skotet.
«Vegen frå tanke til handling har alltid vore kort for Gustaven, så han sette kjapt i gang og fekk laga eit lite basseng i utløpet av bekken i Gullvikjo. Det vart kjøpt inn 25 yngel som vart fôra med sildeavfall frå fabrikken og med det ungane greidde å samla av kråkeskjel. Og fisken treivst og vaks. Året etter kjøpte han inn over 100 yngel frå brørne Vik i Sykkylven», skriv Olaf Agnar Gausvik i boka «Gustaven og dei siste Mohikanarane».
Etter kvart fekk Bergstø lokka med broren Karl og systersonen Georg på å satsa på fiskeoppdrett på garden til Bergstø si syster i Øyarhamn, og dei kjøpte då setjefisk av regnbogeaure som dei plasserte i jorddammar og firkanta aluminiumskar på land, og seinare i ei merd ute i sjøen. Fisken vaks godt, men var vanskeleg å selja, skriv Gausvik i boka.
Bergstø fekk etter ei tid òg bytt til seg 150.000 rognkorn av laksekjempen Årøylaksen. Laksen ville ikkje veksa under dei same kåra som auren, så løysinga til Bergstø blei eit avsaga olivenoljefat.
«I det runde karet vart vasstraumen jamn og maten heldt seg svevande nett slik laksen ville ha det. Med ei spesiell røyroppfinning for avløp og vass-sirkulasjon, vart dette karet sjølvreinsande. Gustaven nytta no erfaringane frå båtbygginga, og laga runde, sjølvreinsande kar i aluminium, sorteringsapparat og klekkekassar, alt etter eige hovud, og kjapt godteke av andre i næringa, skulle det syna seg», står det i boka.
Den neste utfordringa Bergstø stod overfor, var korleis han skulle få fisken raud og fin i kjøtet. Den vaks seg stor og feit, men var kvit som ein torsk. Løysinga blei å fanga raudåte, dette klarte han ved å få sydd seg trålposar av fin gardin-nylon, kjøpt på ein butikk i Bergen. Han fanga ikkje mindre enn 63 kilo på ein time, fortalde han, og Bergens Tidene spanderte eit stort oppslag på pioneren med dei nye og interessante vyane. Bergstø selde fisken og utstyret sitt til selskapet MOWI (i dag Marine Harvest) i 1967, og slutta då sjølv med oppdrett før han nådde å gjera seg rik på det. Då Kvinnheringen besøkte anlegget i 1973 var dette eit av dei største lakseyngel-anlegga i landet. I dag er det eigd av Marine Harvest.