Du har nå sett Hiv o'hoi, for ein folkefest!
Hiv o'hoi, for ein folkefest!
Sjørøvarshowet med Kaptein Hals og makkeren Uflaks fekk publikum på Sæbøvikfestivalen laurdag til å trekkja på smilebandet. Barnekoret «Perlene» sytte for ekstra god stemning, med velkjende sjørøvarsonger rungande ut over hamna. I salsbuene var det noko for kvar smak, det same i matbuene. At sola skein i tillegg var prikken over i-en.