Annakvar torsdag køyrer Trude Beckholdt, alias «Brøddamo», til Kvinnherad med bilen full av matvarer. Dei skal ho gje vidare til folk i kommunen som treng litt ekstra for å klara seg, og dei blir det berre fleire av, ifølgje den brennande engasjerte dama.
– Det er skikkeleg krise for mange no. Eg har blitt ringt opp fleire gonger på turen, og har vore nøydd til å avslå. Eg har ikkje kapasitet, og heller ikkje stor nok bil til å følgja opp alle dei som tar kontakt med meg. Eg har faste medhjelparar både i Åsane og på Husnes, men som oftast er det berre meg i bilen, fortel den engasjerte brøddamo.
Maten får ho frå Matsentralen i Åsane. Det er ein ideell organisasjon som distribuerer overskotsmat frå matvarebransjen til vanskelegstilte i Bergen og områda rundt.
Dei fleste kontaktar «Brøddamo» på Facebook eller på mobilen. Det er alle typar menneske som tar kontakt, alt frå åleineforeldre og einslege til unge og gamle.
– Det er fleire enn du trur. Eg får meldingar midt på natta til og med. Dei vågar ikkje kontakta meg på dagen, og legg heller att melding. Det er så mange grunnar, som til dømes dårleg råd, at pengane ikkje strekkjer til, samlivsbrot, høge straumrekningar, forklarar Trude.
På hjul
I ein kvit varebil med påskrifta «Brøddamo» køyrer ho imponerande 40.000 kilometer i året for å bidra til ein betre kvardag for folk. Ho fortel om beinharde kår for mange, og er fortvila over dyrtida som no gjer det vanskeleg for fleire å få endane til møtast.
– Eg er oppvaksen i dårlege kår sjølv, har ADHD og er ufør. Å hjelpa andre har blitt hobbyen min, fortel ho.
– Det starta med at eg var med for å hjelpa til ein gong, og såg kor mykje det betydde for folk. Det skjedde noko inni meg den gongen. Eg såg kor takksame dei var, og kor stort behov det var for hjelp. Etter det var det ingen veg tilbake. Det berre blei sånn, fortel ho engasjert.