Russen gir 40.000 til Ma'Ma Children Center

Glade givarar og glad representant for mottakaren. Framme frå venstre: Ida Prestnes, Vibeke Escher, Helene Bennæs og Rikke Løland Sælen. Bak Ove Tvedt.

Glade givarar og glad representant for mottakaren. Framme frå venstre: Ida Prestnes, Vibeke Escher, Helene Bennæs og Rikke Løland Sælen. Bak Ove Tvedt.

KVV-russen gir overskotet frå russerevyen til Ma'Ma Children Center of Norway sitt hjelpearbeid på Filippinene.

DEL

Ein strålande glad Ove Tvedt var tysdag innom KVV og takka for den flotte gåva. Han kunne forsikra dei fire representantane frå russestyret at pengane kjem vel med hos Ma'Ma Children Center of Norway.

– Pengane vil gå til drifta av senteret, fortalde Ove Tvedt.

Som kjent har Ove Tvedt og kona Grete fleire gonger vore på Filippinane for å delta i hjelpearbeidet.

Tvedt tok seg tid til å fortelja om arbeidet som blir gjort ved hjelpesenteret utanfor Manila. Folk som ikkje eig nåla i veggen får hjelp, og russejentene fekk høyra historier frå ein totalt annan røyndom enn vi har her i rike Norge.

Ove Tvedt (tilhøgre) fortalde dei fire frå russestyret om hjelpearbeidet utanfor Manila på Filippinane.

Ove Tvedt (tilhøgre) fortalde dei fire frå russestyret om hjelpearbeidet utanfor Manila på Filippinane.

Ma'Ma vart starta av sjukepleiar Rachel Trovi frå Langesund som i 1988 byrja med hjelpearbeid på søppelfjellet ved byen. Tvedt forklarte at Trovi tok direkte utgangspunkt i Matteus 25, vers 35–36: «For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg».

Etter kvart vaks arbeidet og organisasjonen fram og lever no opp til heile bibel-verset med barneheim, ungdomsheim, aldersheim, skular, sosialhjelp i tre fengsel, sjukehus og utdeling av mat til underernærte barn. Totalt er det over 60 tilsette, pluss frivillige.

Ove Tvedt opplyste òg at Ma'Ma Children Center of Norway kan lova at 95% av pengegåvene dei får går til arbeidet utanfor Manila.

– Dei fem andre prosentane handlar mest slik som er lovpålagt i Norge, til dømes rekneskapsrevisjon og slikt. Vi som reiser ned og jobbar frivillig reiser for eiga rekning, forklarte Ove Tvedt, som alt har planlagt neste opphald til januar og februar neste år.

Dei fire jentene frå russestyret likte det dei høyrde, og fortalde at russen vurderte fleire ulike organisasjonar før dei bestemte seg for mottakar.

– Vi hadde høyrt om Ma'Ma og at du Ove er engasjert i dette arbeidet. Det kjennest betre å gi til ein organisasjon om har ein lokal link her i Kvinnherad, var dei fire jentene samde om.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags