Neste veke kan trengande i Kvinnherad få mat levert på døra

Tysdag og torsdag neste veke vil «Brøddamo i Os og omegn» levera ut mat til kvinnheringar med dårleg råd.

DEL

Tysdag 18. og torsdag 20. juni fyller Trude Beckholdt opp bilen med mat frå matsentralen i Bergen som ho vil levera ut til kvinnheringar som har behov for litt hjelp.

Matsentralen er ei velgjerdsforeining som kjempar mot matsvinn og hjelper vanskelegstilte ved å omfordela overskotsmat frå matbransjen som elles hadde blitt kasta. I fjor delte matsentralen i Bergen ut 400 tonn mat til over 80 organisasjonar, som vidare gir maten til trengande. «Brøddamo i Os og omegn (Hjelp til å hjelpe)», som Beckholdt står bak, er ein av desse organisasjonane. Ho køyrer ut mat to gonger i veka.

– Kva posane med mat inneheld varierer frå dag til dag, det er avhengig av kva matsentralen har. Men det plar vera både frukt og grønt, tørrvarer og middagar, fortél Beckholdt.

Det einaste brukarane må legga ut er 50 kroner for å få maten til døra, då det kostar litt å transportera den frå Bergen.

Beckholdt har allereie mellom 50 og 60 personar ho leverer mat til i Kvinnherad, men trur det er fleire som kunne hatt behov for litt hjelp.

– Men då må dei be om den! Det er vanskeleg for meg å finna ut kva trengande heiter eller kor dei bur, så eg håpar verkeleg folk ber om hjelp dersom dei treng det, seier ho.

Dersom ein ønskjer mat levert på døra neste veke må ein melda seg inn i Facebook-gruppa «Brøddamo i Os og omegn (Hjelp til å hjelpe)», så tek Beckholdt kontakt og avtalar leveranse. Gruppa er lukka, så det er berre andre medlemmar som kan sjå kven som er med i den.

Artikkeltags