Gå til sidens hovedinnhold

Katt, måse og hjortar påkøyrde

Artikkelen er over 4 år gammel

Ei rekke dyr møtte bøta med livet i trafikken i helga.

I løpet av kvelden 22. oktober og natt til 23. oktober fekk politiet melding om heile tre hjortar som vart påkøyrde. På Løfallstrand vart ein hjort påkøyrt ved 19.45-tida om kvelden, og ein halvtime seinare møtte ein bil ein hjort i Langgot. Om natta var det ei ny hjortepåkøyrsle ved Onarheimslia. Ved alle tilfella vart viltnemnda tilkalla for å ta hand om dei påkøyrde dyra, opplyser politibetjent Are Uppheim.

Politiet har i helga og fått melding om ein påkøyrt oransj katt rett før Halsnøytunnelen, på Halsnøy-sida, og ein påkøyrt måse i Husnes sentrum.

Kommentarer til denne saken