Over 1000 hjortar måtte bøta med livet

Illustrasjonsfoto frå arkivet

Illustrasjonsfoto frå arkivet

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ikkje sidan 2012 er det felt fleire hjort i Kvinnherad enn i 2017.

Leiv Trygve Varanes er no klar med statstikken for hjorte- og rådyrjakta i Kvinnherad for 2017. Den syner at 1052 hjortar vart felt, ein auke på 26 frå 2016. Det er og det høgaste talet dyr sidan 2012, og den høgaste fellingsprosenten sidan 2010, med ein fellingsprosent på 78,6. I 2010 var fellingsprosenten 82,3.

Av hjortane som vart felt var det 141 bukkekalvar, 126 kollekalvar, 210 åringsbukkar, 119 åringskoller, 210 eldre bukkar og 246 eldre koller. Snittvekta samla for alle dyra var på 45 kilo.

Rådyr

Det vart felt 25 rådyr i Kvinnherad, av totalt 99 fellingsløyver. Av rådyra var det 15 bukkar, sju geiter og tre kje. Berre i 2012 er det felt fleire rådyr med 6.

Varanes presiserer at det kan bli nokre små justeringar i tala når alt er kontrollert.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken