Jegerar må skyta fleire hjortekalvar

Jan Tommy K. Skår, styreleiar i Søre Kvinnherad og Åkrafjorden bestandplanområde, oppmodar jegerar til å skyta fleire hjortekalvar.

Jan Tommy K. Skår, styreleiar i Søre Kvinnherad og Åkrafjorden bestandplanområde, oppmodar jegerar til å skyta fleire hjortekalvar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

‒ Når dei eldre dyra vert skotne, medan kalvane får gå i fred, vert hjortebestanden for stor og svak.

DEL

Les også: Hjorten et opp avlinga

Det seier Jan Tommy K. Skår, styreleiar i Søre Kvinnherad og Åkrafjorden bestandplanområde. Han strekar under at det er vanskeleg å svara ja eller nei på om hjortebestanden generelt har auka, eller om berre fleire enn vanleg har trekt ned mot bøane.

– Vi talde nyleg 80 hjort på bøane frå Ersland til Utåker/Holmedal på berre rundt 1,5 time, så det er ingen tvil om at det er mykje dyr nede i marka i år. Men vinteren var lang og kald i år, og våren kom seint, så då er det ikkje unaturleg at hjorten trekk ned til der det grønast først. Så kan det òg henda at bestanden generelt har auka, men det er vanskeleg å seia noko sikkert om. Det vi veit, er at det blir skoten for få hjortekalvar i forhold til eldre dyr, og dette gjer sitt til at bestanden får høve til å veksa seg for stor, seier Skår.

– Kvifor er det slik?

– Det heng igjen frå gamalt av, dette at ein ikkje skal skyta kalv. Og sidan jakta er prega av forgubbing, slit ein med å endra dette synet. Vi ser jo det at jegerar kan ha ti løyve, der til dømes seks av desse er kalvar og fire er eldre dyr, og at jegerane då ofte vel å skyta berre dei eldre dyra, medan dei let kalvane gå. Tanken er gjerne god, men om alle jegerar skal driva med sjølvregulering av bestandane, får vi ei veldig skeiv og usunn fordeling av dyr.

Søre Kvinnherad og Åkrafjord bestandplanområde vart oppretta for tre år sidan, med mål om å regulera hjortebestanden. Alle jaktvald innanfor området vert oppmoda til å melda seg inn, men det er frivillig. Bestandplanen vert utarbeidd av ei gruppe grunneigarar som representerer medlemsvalda. Det faglege grunnlaget blir sjekka ut gjennom Vestskog ved Arve Aarhus, medan kommunen godkjenner den endelege planen.

‒ Vi ønskjer ein sterk og sunn bestand med fleire større og eldre dyr. I den gjeldande bestandplanen har vi hatt ei regulering på 34 prosent kalv, 33 prosent koller der halvparten skal vera ungdyr, samt 33 prosent hannhjortar der halvparten skal vera ungdyr. Dette gjeld elles for heile bestandplanområdet, noko som gjev medlemene av laget ein større fleksibilitet enn om dei ikkje er medlemer, forklarer Skår, og greier ut:

– Også jegerar som ikkje er medlemer må forholda seg til fordelinga dei får frå kommunen, men då berre innanfor sitt eige jaktvald. Medlemene i laget vårt får høve til å sjonglera innanfor heile bestandsområdet, fordi vi veit at hjortebestanden beveger seg over eit stort område. I fjor skaut dei ikkje hjort på Fjelberg, fordi dei fann for få dyr. Då fekk dei lov å flytta over dei ubrukte løyva til Utåker og Mauranger, der det var observert mange dyr.

No skal det utarbeidast ein ny bestandplan for Søre Kvinnherad og Åkrafjord for dei komande åra. Korleis fordelinga av dyr vil sjå ut innanfor denne, er for tidleg å seia, men det kan vera ein må leggja opp til ein endå større andel kalv i denne for å få regulert skeivforholdet.

– Vi vil gjerne oppmoda dei jaktvalda som ikkje er medlemer til å melda seg inn. Om nokon er interesserte, eller berre vil vita meir, kan dei ta kontakt med meg, seier Skår.

Mykje tyder på større bestand

Viltforvaltar Leiv Trygve Varanes seier mykje tyder på at hjortebestanden har auka dei siste åra. Han stør oppmodinga til Jan Tommy Skår om å delta i ein bestandplan.

‒ Basert på mellom anna jaktrapportar og samtalar med jegerar, bønder og andre, sit eg att med eit inntrykk av at det har vore ein vekst i hjortebestanden, seier viltforvaltar Varanes.

Han stadfestar at mange bønder har meldt om hjorteplager på beita sine denne våren. Hjorten har ein tendens til å søkja seg mot det beste fôret, fortel han, men no som skogane òg har blitt grøne den siste tida, har hjorten trekt seg meir tilbake. Varanes støtter Jan Tommy Skår i at det er mykje for jaktvald å vinna på å vera medlem av ein bestandplan. For fleksibiliteten og innflytelsen sin del, men òg for at ein skal få ei generelt god regulering av hjortebestanden.

‒ Vi ønskjer oss sunne, friske produksjonsdyr, men for å få dette til er det viktig at jegerane skyt dei dyra dei blir tildelte, også dei små dyra. Ja, særleg dei små dyra. Veldig generelt kan ein seia at skyt ein fleire mindre dyr, kan ein i staden for bli kompensert ved å få skyta fleire dyr, seier han.

Dersom problemet er særs stort for ein bonde, kan denne søkja om såkalla skadefellingsløyve. Dette er styresmaktene restriktive på å dela ut, då det ikkje er noko ønskje om at desse skal kunna brukast til å utvida jaktsesongen.

‒ Men, dersom ein bonde er svært råka av hjorteplager og kan påvisa dette, er søknad om skadefellingsløyve ein moglegheit, seier Varanes.

Har bede om fleire løyve

Også i Austrepollen er det meir hjort enn på lenge. Jaktleiar Anders Godtskalk Gjerde fortel at valdet har søkt om fleire løyve.

– Vi har veldig mykje hjort her no, meir enn på lenge. På grunn av mykje snø i vinter har dei trekt ned mot bakkane, og går og beitar på jordene til bøndene, fortel Gjerde.

For nokre år sidan var bestanden såpass minka at løyva vart reduserte. No er det motsett, og løyva må følgjeleg aukast, forklarer han.

– Skyt de fleire kalvar, slik tilrådinga er?

– Å skyta kalv og kolle sit langt inne hos mange jegerar, ein har det liksom i ryggmargen at ein skal spara kvinner og barn. Det må difor ei haldingsendring til her skal ein få kontroll på bestanden, og dette er noko vi jobbar med, sluttar han.

Artikkeltags