Felte færre hjortar i 2015

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Artikkelen er over 4 år gammel

På det meste vart det felt over 1200 hjort under hjortejakta i Kvinnherad, i fjor var talet nede på 865.

DEL

Viltforvaltar Leiv Trygve Varanes har no oppsummert hjortejakta i Kvinnherad for 2015, og på ny er det ein nedgang i felte dyr.

I rapporten til Varanes heiter det at det var felt 865 hjort siste året og det er 72 dyr mindre enn året før. Fellingsprosenten vart 65,9. Slaktevektene var betre dette året og alle gruppene forutan åringskollene hadde høgare snittvekt, dermed enda totalvekta på 41.165 kg noko som berre er 815 kg mindre enn i 2014 sjølv om det var 72 færre dyr no. Delen kalv enda på 21 % og kunne godt vore noko høgare, men kalv og ungdyr stoppa på 54,6 % og det er like under den kommunale målsettinga. Det er også dette året store variasjonar i jaktutbytet, Varaldsøy tok 93 dyr eller 82,3 %, Ytre Hatlestrand tok 39 av 40 dyr og Hatlestrand Jaktvald tok 31 dyr eller 86,1 %. Mauranger Bestandsplanområde har også hatt ei positiv utvikling og der er det felt 26 dyr.

Når det gjeld rådyr var det gitt 93 fellingsløyve til 21 jaktvald. Her var ein ikkje i nærlieken av å ta unna talet løyver og totalt vart det skote ti bukkar ei geit og ein bukkekalv, totalt 12 dyr. I 2014 vart det felt 11 dyr og i 2013 16 dyr.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags