Søndag kveld ved 20.40-tida vart ein hjort funnen stokk-stein daud midt i vegen ved Kroka. Ettersøkslaget vart tilkalla for å ta hand om hjorten.

Politiet er usikre på om hjorten er påkøyrd eller om den faktisk kan ha ramla ned frå fjellet på oppsida av vegen.

– Det er høgt på oppsida der, og vi ser ikkje bort frå at hjorten kan ha ramla utfor berget, seier Torgeir Fosse, ved lensmannskontoret.

Dei har ikkje fått melding om at nokon har køyrt på hjorten.