Ein bilist oppdaga ein påkøyrt hjort ved Helland rundt klokka 21.40 onsdag kveld, og meldte frå til politi og ettersøkslaget. Det er uvisst kven som køyrte på hjorten.

Politiførstebetjent Torgeir Foss seier det er mange hjortepåkøyrslar for tida. Snøen gjer at hjorten trekkjer ned frå fjellet, og mange kryssar vegen for å gå ned i fjæra for å sleika på taren. Førarar bør derfor følgja ekstra godt med, og melda frå om dei er uheldige og køyrer på ein hjort, slik at ettersøkslaget kan ta hand om den så den ikkje lir unødvendig. Nummer til ettersøkslaget er 480 07 327. Det kan vera lurt å lagra på telefonen skulle uhellet vera ute.