To hjortepåkøyrslar i jula

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

21. desember rundt 18.30 på kvelden blei ein hjort påkøyrd mellom Rosendal og Årsnes. Hjorten sprang frå staden, men ettersøkslaget blei varsla og rykka ut. Vesle julaftan skjedde det same, då litt over klokka 23. 00 på kvelden. Også då sprang hjorten frå staden og ettersøkslaget blei varsla. Denne gongen skjedde påkøyrsla på Raudstein. Det vart ikkje personskadar i samband med påkøyrslane.

Artikkeltags